Rut 4

4
Boas tek Rut til ekte
1 # 4,1 byporten var òg ein møtestad for samråd og rettsforhandlingar. løysingsmannen >2,20. Boas gjekk opp til byporten og sette seg der. Nett då kom løysingsmannen som Boas hadde snakka om, forbi. Boas kalla han ved namn og sa: «Kom og set deg her!» Så gjekk han dit og sette seg. 2Boas såg seg ut ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg. 3Så sa han til løysingsmannen: «Noomi, ho som er komen tilbake frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, eigde. 4Eg tenkte eg ville gjera deg kjend med dette og seia: Kjøp det i påsyn av dei som sit her, i påsyn av dei eldste i folket mitt! Vil du løysa det inn, så løys det inn. Men vil du ikkje, så sei det til meg, så eg veit det. For det er ingen ved sida av deg til å løysa det inn, men eg har retten nest etter deg.» Han svara: «Eg vil løysa det inn.» 5#5 Mos 25,5f Då sa Boas: «Den dagen du tek over åkeren av Noomi, tek du òg over moabittkvinna Rut, kona til han som døydde, slik at namnet til den døde kan leva vidare og jorda gå vidare i arv.» 6Løysingsmannen svara: «Då kan eg ikkje løysa han til meg, for då spiller eg arven til mine eigne born. Løys du til deg sjølv det eg skulle løysa, for eg kan ikkje gjera det!»
7 # 5 Mos 25,9f I gamle dagar i Israel var skikken slik når det gjaldt innløysing og bytehandel, at for å stadfesta ei sak skulle ein dra sandalen av seg og gje sandalen til den andre. Slik vart ei sak vitnefast i Israel. 8Løysingsmannen sa til Boas: «Kjøp det du!» Og med det same drog han sandalen sin av. 9Då sa Boas til dei eldste og alt folket: «De er i dag vitne på at eg kjøper av handa til Noomi alt det som høyrde Elimelek til, og alt som høyrde Kiljon og Mahlon til. 10Eg tek òg moabittkvinna Rut, kona til Mahlon, til ekte, slik at namnet til den døde kan leva vidare og odelen haldast i hevd. Slik vil namnet til han som døydde, ikkje bli sletta ut av slekta hans og gløymt i porten på heimstaden hans. Dette er de vitne på i dag.» 11Alt folket og dei eldste som var i byporten, svara: «Ja, vi er vitne. Måtte Herren la den kvinna som no kjem inn i huset ditt, bli som Rakel og som Lea, dei to som bygde Israels hus! Syn di kraft i Efrata og vinn deg eit namn i Betlehem! 12#4,12 Peres son til Juda og Tamar (1 Mos 38,29); rekna for stamfar til Boas, v. 18ff. Måtte etterkomarane Herren gjev deg med denne unge kvinna, gje deg ei ætt som ætta til Peres, han som Tamar fødde til Juda!»
Rut blir stammor til David
13 # Sal 127,3 Boas tok Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, lét Herren henne bli med barn, og ho fødde ein son. 14Då sa kvinnene til Noomi:
«Velsigna er Herren
som lét deg få ein løysingsmann i dag!
Namnet hans skal bli stort i Israel.
15Han skal gje deg nytt livsmot
og sørgja for deg i alderdomen din.
For svigerdotter di, som held slik av deg, har fødd denne sonen.
Ho er meir for deg enn sju søner.»
16Så tok Noomi guten og la han på fanget sitt. Ho vart fostermor hans. 17#4,17 Obed Namnet tyder «tenar». Kanskje kortform av Obadja, «Herrens tenar». Nabokonene gav han namn og sa: «Noomi har fått ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David.
18 # 1 Krøn 2,5–15; Matt 1,3–5; Luk 3,31–33 Dette er etterkomarane av Peres: Peres fekk sonen Hesron, 19Hesron fekk sonen Ram, og Ram fekk sonen Amminadab, 20Amminadab fekk sonen Nahsjon, og Nahsjon fekk sonen Salma, 21Salma fekk sonen Boas, og Boas fekk sonen Obed, 22Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David.

Markert nå:

Rut 4: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring