Rut 3

3
Rut og Boas på treskjeplassen
1Noomi, svigermor til Rut, sa til henne: «Dotter mi! Skulle eg ikkje sjå til å finna ein heim til deg så du kan få det godt? 2#3,2 hiv … bygg tresking av korn ved å kasta det opp i lufta så agnene blir tekne av vinden. Høyr, Boas er då slektningen vår, og det er tenestejentene hans du har vore i lag med. No i natt hiv han bygg på treskjeplassen. 3Du skal vaska deg og salva deg. Ta så på deg finkleda og gå ned til treskjeplassen. Men gjev deg ikkje til kjenne for mannen før han er ferdig med å eta og drikka! 4Når han legg seg, skal du merka deg staden der han ligg. Gå så bort, ta teppet vekk frå føtene hans og legg deg der! Så vil han sjølv seia deg kva du skal gjera.» 5Då svara ho: «Eg skal gjera alt du seier.» 6Ho gjekk ned til treskjeplassen og gjorde alt slik svigermor hennar hadde sagt. 7Boas åt og drakk og vart glad til sinns. Så gjekk han og la seg i kanten av kornhaugen. Då smaug ho seg fram, tok teppet vekk frå føtene hans og la seg der.
8Ved midnattstid kvakk mannen til. Han bøygde seg fram og såg at det låg ei kvinne nedmed føtene hans. 9#Esek 16,8#3,9 Brei … over meg eit teikn på vern og ekteskap. Uttrykket tyder det same som «Gift deg med meg». løysingsmann >2,20. «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestekvinna di», svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.» 10Då sa han: «Velsigna er du av Herren, dotter mi! Du har vist endå større truskap enn før ved ikkje å gå etter dei unge mennene, verken dei fattige eller dei rike. 11Og no, dotter mi, ver ikkje redd! Alt det du seier, vil eg gjera for deg. For alle som bur i byen, veit at du er ei heiderleg kvinne. 12#2,20 Det er sant at eg er løysingsmannen, men det er ein annan løysingsmann som er nærare enn eg. 13Sov her i natt, og om han vil løysa deg ut i morgon, så lat han gjera det. Men om han ikkje vil løysa deg ut, skal eg gjera det sjølv, så sant Herren lever! Berre ligg her til i morgon tidleg!»
14Ho vart liggjande ved føtene hans til morgonen, men ho stod opp før folk kunne kjenna kvarandre att. For han sa til seg sjølv: «Det må ikkje bli kjent at kvinna kom hit til treskjeplassen.» 15#3,15 seks mål Her seier ikkje den hebr. teksten kva for mål som er brukt. Truleg er det tale om omer. Seks omer er ca. 21,6 l. Så sa han: «Kom hit med sjalet du har på deg, og hald det fram!» Og då ho heldt sjalet fram, målte han opp seks mål bygg og la på henne. Så gjekk han inn til byen.
16Då Rut kom til svigermor si, spurde ho: «Korleis gjekk det med deg, dotter mi?» Og ho fortalde henne alt det mannen hadde gjort mot henne, 17og la til: «Desse seks måla med bygg gav han meg, for han sa: Du skal ikkje koma tomhendt heim til svigermor di.» 18Då sa Noomi: «Hald deg no i ro, dotter mi, til du får vita korleis saka fell ut. For den mannen unner seg ikkje kvile før han får saka ordna, og det alt i dag.»

Markert nå:

Rut 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på