Romarane 5

5
Fred med Gud
1 # Apg 10,36; Ef 2,14 Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2#Joh 14,6; Ef 2,18; 3,12; Hebr 10,19 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom. 3#Fil 1,29; Jak 1,2f Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande, 4og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp. 5#Hebr 6,18f; 1 Joh 4,16 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss. 6#1 Pet 3,18 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne. 7Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann – endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god. 8#Joh 3,16; 1 Joh 4,10 Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden! 10#2 Kor 5,18; Kol 1,20ff Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv! 11Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Adam og Kristus
12 # 1 Mos 3,6; Rom 6,23 Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda. 13#4,15+ Også før lova var det synd i verda. Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov, 14#1 Kor 15,45 rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot slik som Adam. Adam står her som eit bilete på han som skulle koma. 15#5,15 dei mange alle, jf. v. 12. Men det er annleis med nåden enn med fallet. På grunn av fallet til den eine måtte dei mange døy, men Guds nådegåve er så uendeleg mykje større: Ho blir gjeven i rikt mål til dei mange på grunn av nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus. 16Og det er annleis med gåva enn med den synda som den eine gjorde. For dommen over eitt menneske førte til fordømming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall. Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus.
18 # 1 Kor 15,21f; 1 Joh 2,2 Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19#Jes 53,11 Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. 20#4,15+ Lova kom til så fallet skulle bli stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå mykje større. 21For liksom synda fekk herredøme ved døden, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.

Markert nå:

Romarane 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring