Romarane 2
N11NN

Romarane 2

2
Menneska skal gjera rekneskap for Gud
1 # Matt 7,1ff Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. 2Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. 3Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? 4#2 Pet 3,9.15 Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? 5Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. 6#Matt 16,27+; 2 Kor 5,10Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: 7Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. 8#2 Tess 1,5ff Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. 9Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. 10Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. 11#5 Mos 10,17; 2 Krøn 19,7; Apg 10,34; Gal 2,6; Ef 6,9; Kol 3,25; 1 Pet 1,17 For Gud gjer ikkje forskjell på folk.
12Alle som synda utan lova, skal gå fortapt utan lova. Og alle som synda under lova, skal dømmast etter lova. 13#Matt 7,21ff; Joh 12,48; Jak 1,22 For det er ikkje dei som høyrer lova, som er rettferdige for Gud. Nei, dei som gjer det lova seier, dei skal han rekna som rettferdige. 14#Apg 10,35 For når heidningane, som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova. 15Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarta deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten skuldar dei eller forsvarar dei. 16#14,10+; 1 Kor 4,5 Dette skal bli klårt den dagen Gud ved Jesus Kristus dømmer det løynde i menneska, etter det evangeliet eg har forkynt.
Jødane og lova
17 # Luk 18,11; Rom 9,4 Og du som kallar deg jøde: Du stolar på lova og er stolt av din Gud, 18du kjenner hans vilje og kan dømma om kva som er viktig, fordi du er opplærd i lova. 19#Matt 15,14; 23,16.24; Luk 6,39 Du er sikker på at du kan vera ein vegvisar for blinde, eit lys for dei som er i mørker, 20ein oppsedar for uvituge og ein lærar for umyndige, ettersom du i lova har kunnskapen og sanninga i si rette form. 21#Matt 23,3f Du som vil læra andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du? 22Du som seier at ein ikkje skal bryta ekteskapet, bryt du ekteskapet? Du som ser på avgudane med avsky, plyndrar du templa deira? 23Du som er så stolt av lova, du vanærar Gud når du bryt lova. 24#Jes 52,5; Esek 36,20ffFor dykkar skuld blir Guds namn spotta mellom heidningane, som det står skrive.
25 # Jer 4,4; 9,25 Omskjeringa er nok til gagn for deg om du held lova. Men bryt du lova, er du som ein uomskoren. 26Men om ein som er uomskoren, held lovboda, skal ikkje han då reknast som omskoren, endå han ikkje er det? 27Den som er uomskoren fysisk, men held lova, skal dømma deg. For endå du er omskoren og har lova i bokstavleg form, så bryt du lova. 28#Joh 8,39 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje det som er gjort i det ytre, på kroppen. 29#5 Mos 10,16; 30,6; Gal 5,3ff; 6,15; Fil 3,3; Kol 2,11 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjartet, ved Anden, ikkje etter bokstaven. Han får ikkje ros av menneske, men av Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk