Romarane 16

16
Helsingar
1Eg vil leggja inn eit godt ord hos dykk for Føbe, syster vår; ho er ein diakon frå forsamlinga i Kenkreæ. 2Ta imot henne i Herren som det sømer seg for dei heilage. Stå til teneste for henne i alle oppgåver der ho kan trenga hjelp av dykk. For sjølv har ho vore til hjelp for mange, også for meg. 3#Apg 18,2f; 1 Kor 16,19; 2 Tim 4,19 Hels Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristus Jesus. 4Dei la halsen på blokka for å berga livet mitt, noko ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne forsamlingane vil takka dei for. 5#1 Kor 16,19; Kol 4,15; Filem 2#16,5 første frukta >8,23. Jf. 11,16. Hels òg forsamlinga som kjem saman i huset deira. Hels min kjære Epainetos, han som er den første frukta for Kristus i Asia. 6Hels Maria, som har arbeidd og slite så mykje for dykk. 7#16,7 Junia eit kvinnenamn, tidlegare omsett som mannsnamn: «Junias». Om ein skal lesa namnet som eit kvinnenamn eller som eit mannsnamn, er avhengig av korleis ein aksentuerer det gr. namnet. har eit godt namn mellom apostlane kan òg omsetjast «er høgt vørde som apostlar». Hels Andronikos og Junia, som er landsmennene mine og fengselskameratane mine. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei kom til trua på Kristus før meg. 8Hels Ampliatus, min kjære ven i Herren. 9Hels Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys. 10Hels Apelles, som er vel prøvd i Kristus. Hels alle hos Aristobolos. 11Hels Herodion, landsmannen min. Hels alle hos Narkissos som høyrer Herren til. 12Hels Tryfena og Tryfosa, som arbeider hardt for Herren. Hels den kjære Persis, som har arbeidd så mykje for Herren. 13#Mark 15,21 Hels Rufus, Herrens utvalde, og mor hans; ho har vore ei mor for meg òg. 14Hels Asynkritos, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og syskena som er saman med dei. 15Hels Filologos og Julia, Nerevs og syster hans og Olympas, og alle dei heilage som er saman med dei. 16#1 Kor 16,20; 2 Kor 13,12; 1 Tess 5,26; 1 Pet 5,14#16,16 heilagt kyss uttrykk for fellesskapet mellom dei kristne, truleg innleiinga til nattverdsfeiringa i forsamlinga. Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle Kristi forsamlingar helsar dykk.
17 # Matt 7,15; 2 Tess 3,6.14; Tit 3,10; 2 Joh 7–10 Eg legg dykk på hjartet, sysken, at de må halda auge med dei som skaper splitting og får dykk til å falla frå den læra de har teke imot. Hald dykk ifrå dei! 18#Fil 3,19; Kol 2,4 Slike menneske tener ikkje Herren Jesus Kristus, men sin eigen mage. Med fine ord og lokkande tale forfører dei slike som er godtruande av hjartet. 19#Matt 10,16; Rom 1,8; 1 Kor 14,20 Men alle har høyrt om lydnaden dykkar, og difor gleder eg meg over dykk. Eg vil at de skal vera kloke i det gode og uskuldige i det vonde. 20#1 Mos 3,15 Må fredens Gud snart knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk!
21 # 1 Tim 1,2+ Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk. 22Eg, Tertius, som har skrive ned brevet, helsar dykk i Herren. 23#1 Kor 1,14 Gaius, som er vert for meg og heile forsamlinga, helsar dykk. Erastos, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, like eins Kvartus, bror vår. 24#16,24 Verset manglar i dei eldste handskriftene. Jf. 16,20. {{Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.}}
25 # 16,25–27 Den avsluttande lovprisinga manglar i nokre handskrifter. I eitt handskrift står ho etter 14,23, i andre etter 15,33, og i nokre både her og etter 14,23. # Matt 11,25; 13,11; 1 Kor 2,7; 4,1; Ef 1,9; 3,3f; Kol 1,26+ Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av det mysteriet som har vore løynt frå evige tider, 26#1,5; 2 Tim 1,10 men som no er kome for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er dette mysteriet no kunngjort for alle folkeslag for å føra dei til lydnad i tru. 27#Gal 1,5; Ef 3,21; 1 Tim 1,17; 2 Tim 4,18; Jud 25 Han, den einaste vise Gud, vere ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.

Markert nå:

Romarane 16: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring