Romarane 13

13
Tilhøvet til styresmaktene
1 # Ordt 8,15; Joh 19,11; 1 Tim 2,1f; Tit 3,1; 1 Pet 2,13f Kvar og ein skal vera lydig mot dei styresmaktene han har over seg. For det finst inga styresmakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud. 2Den som set seg opp mot styresmakta, står difor imot det Gud har fastsett, og dei som gjer det, skal få sin dom. 3#Ordt 24,21f For dei som styrer, skaper ikkje frykt hos den som gjer det gode, men hos den som gjer det vonde. Vil du sleppa å vera redd styresmakta? Gjer det som godt er, og du skal få ros. 4For styresmakta er Guds tenar, til beste for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd. Styresmakta ber ikkje sverdet utan grunn, men er Guds tenar som set hans vreidedom i verk over den som gjer det vonde. 5Difor må de vera lydige, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet. 6Det er òg grunnen til at de betaler skatt. For styresmaktene er Guds tenarar, og dei er sette til å ta hand om slike ting. 7#Matt 22,21 Gjev alle det du skuldar dei: Betal skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha respekt for den som har krav på respekt, gjev ære til den de skuldar ære.
Kjærleiken er oppfylling av lova
8 # Gal 5,14; Jak 2,8 Ha inga skuld til nokon, anna enn det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova. 9#2 Mos 20,13ff; 3 Mos 19,18; Matt 19,19; 22,37ff For boda: du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det skal vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 10#1 Kor 13 Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten. Difor er kjærleiken oppfylling av lova. 11#Ef 5,14; 1 Tess 5,4ff Dessutan veit de kor langt det lid: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua. 12#Ef 5,11; 6,11+; 1 Joh 2,8#13,12 dag =Herrens dag. Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning som høyrer lyset til. 13#Luk 21,34; Rom 1,29ff+ Lat oss vandra sømeleg, som på lyse dagen, ikkje i festing og fyll, ikkje i hor og utskeiing, ikkje i strid og misunning. 14#Gal 3,27; Ef 4,24; 1 Joh 2,16 Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsorg for kroppen at det vekkjer lyster.

Markert nå:

Romarane 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring