Johannes' openberring 19

19
Den store lovsongen i himmelen
1 # 19,1 Halleluja hebr. for. «Lovpris Herren», eit hyllingsrop som er kjent frå den jødiske gudstenesta. Etter dette høyrde eg noko som likna eit mektig kor frå ein stor skare i himmelen. Dei song:
Halleluja!
Sigeren og æra og makta tilhøyrer vår Gud,
2 # 5 Mos 32,43; Sal 19,10; 119,137; Op 16,7 # 19,2 den store hora >17,1. for sanne og rettferdige er hans dommar.
Han har dømt den store hora,
ho som øydela jorda med horeriet sitt,
og blodet av tenarane sine
har han kravd av hennar hand.
3 # Jes 34,10; Op 14,11 Endå ein gong ropa dei:
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
4 # 4,2+.4.6ff Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på trona, og sa:
«Amen. Halleluja!»
5 # Sal 22,24; 115,13; 135,1 Og frå trona kom det ei røyst som sa:
«Lova vår Gud, alle hans tenarar,
de som ottast han, små og store!»
6 # Sal 93; 96–99; Op 11,15.17; 14,2 Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa:
«Halleluja!
Herren vår Gud, Den allmektige,
har vorte konge!
7 # Joh 3,29+; Op 21,9 Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra!
For tida er komen då Lammet skal halda bryllaup.
Brura har gjort seg klar,
8 # Jes 61,10 og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.»
Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage.
9 # Matt 22,2ff; Luk 14,15 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.» 10#22,8f Eg kasta meg ned for føtene hans og ville tilbe han. Men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden i profetordet.
Kristus kjem att som sigerherre
(19,11–22,5)
Ryttaren på den kvite hesten
11 # 3,14 Og eg såg himmelen open, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, heiter Trufast og Sannferdig, for han dømmer og strider med rettferd. 12#2 Mos 3,13–15; Sal 148,13; Sak 14,9 Auga hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han har eit namn innskrive som ingen kjenner utan han. 13#Jes 63,1ff; Joh 1,1 Han er kledd i ei kappe som er dyppa i blod, og namnet hans er Guds Ord. 14#3,4+ Himmelhærane, kledde i kvitt og reint lin, følgjer han på kvite hestar. 15#Sal 2,9; Hebr 4,12+; Op 2,27; 12,5; 14,19f Og ut or munnen hans går det eit skarpt sverd; med det skal han slå folkeslaga ned. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt med vreidevin, med harmen frå Gud, Den allmektige. 16#17,14+ På kappa og ved hofta har han eit namn skrive: Kongen over kongane og herren over herrane.
17 # Esek 39,17ff Og eg såg ein engel som stod inne i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18De skal få eta kjøtet av kongar og hærførarar og mektige menn, kjøtet av hestar og ryttarane deira, kjøtet av alle, både frie og slavar, små og store.»
19 # Sal 2,2; Op 16,14.16; 17,12ff Og eg såg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20#Dan 7,11; Op 13,11ff.16+; 14,10+ Men dyret vart fanga saman med den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket til dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21#Esek 39,17.20 Dei andre vart drepne med sverdet til ryttaren, det sverdet som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring