Johannes' openberring 1

1
1 # 22,6.16 # 1,1 Jesu Kristi openberring =openberring. Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han så han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes. 2Det er han som her vitnar om Guds ord og ber fram Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett. 3#Luk 11,28; Op 22,7.10 Sæl er den som les opp orda i denne profetien, og sæle er dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive. For tida er nær.
Helsing
4 # 2 Mos 3,14f; Op 1,8; 4,8; 11,17; 16,5 # 1,4 Asia romersk provins i den vestlege delen av Vesleasia (det noverande Tyrkia). =romerske provinsar. Johannes helsar dei sju forsamlingane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor trona hans, 5#Jes 55,4; Kol 1,18; Op 3,14; 19,11 og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den førstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod 6#Jes 61,6; 1 Pet 2,5+.9+#1,6 Amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.
7 # Dan 7,13; Sak 12,10; Matt 24,30+; Joh 19,37 Sjå, han kjem med skyene,
og kvart auge skal sjå han,
også dei som har gjennomstunge han,
og alle folkeslag på jorda
skal bryta ut i klagerop over han.
Ja, amen!
8 # 21,6; 22,13 # 1,8 Alfa og Omega første og siste bokstaven i det gr. alfabetet. Jf. 21,6; 22,13. Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige.
Menneskesonen openberrar seg
9 # 1,9 Patmos øy utanfor vestkysten av Vesleasia, dit Johannes truleg var forvist. Eg, Johannes, som er bror dykkar og saman med dykk har del i trengslene, i riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus. 10#Matt 28,1; Apg 20,7; 1 Kor 16,2 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei røyst bak meg, sterk som ein basun. 11#1,11 Efesos … Laodikea byar i den romerske provinsen Asia, jf. v. 4. Røysta sa: «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»
12 # 2 Mos 25,31–40; Sak 4,1ff; Op 1,20 Eg snudde meg for å sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju lysestakar av gull, 13#Dan 7,13; 10,5; Matt 8,20 og midt mellom lysestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14#Dan 7,9; 10,6 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og auga som logande eld, 15#Esek 1,24; 43,2føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16#Matt 17,2; Op 1,20; 2,12.16; 19,15#1,16 sverd eit bilete på Guds ord. Jf. Jes 49,2; Hebr 4,12. I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.
17 # Jes 44,6; 48,12; Dan 8,18; Op 1,8; 2,8 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
«Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste 18#Matt 16,18f; Hebr 7,25#1,18 dødsriket staden under jorda der dei døde held til. =dødsriket. og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket. 19Skriv no ned det du har sett, det som er, og det som heretter skal koma. 20#1,12.16 Dette er løyndomen med dei sju stjernene du såg i mi høgre hand, og dei sju lysestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju forsamlingane, og dei sju lysestakane er dei sju forsamlingane.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring