Salmane 95

95
1Kom, lat oss jubla for Herren,
hylla vårt berg som frelser oss!
2Lat oss gå fram for han med lovsong,
hylla han med song og spel!
3 # 47,3+ For Herren er ein stor Gud,
ein stor konge over alle gudar.
4 # 24,1+ Han har jord-djupnene i si hand
og fjelltoppane i eige.
5Havet er hans, han har skapt det,
hendene har forma det faste landet.
6Kom, lat oss knela og kasta oss ned,
bøya kne for Herren, vår skapar!
7 # 2 Mos 17,1ff; 23,21; Sal 100,3; Hebr 3,7ff For han er vår Gud,
vi er folket han gjeter,
flokken i hans hand.
Ville de berre høyra hans røyst i dag!
8 # 2 Mos 17,1ff; Hebr 3,7ff Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba,
som den dagen ved Massa i ørkenen,
9då fedrane dykkar utfordra meg
og sette meg på prøve,
endå dei såg kva eg gjorde!
10I førti år hadde eg avsky for denne slekta.
Eg sa: Dei er eit folk som fer vill i sitt hjarte,
dei kjenner ikkje mine vegar.
11 # 4 Mos 14,21ff; Hebr 3,18; 4,5 Så svor eg i min vreide:
Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

Markert nå:

Salmane 95: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring