Salmane 94
N11NN

Salmane 94

94
1 # Jes 35,4; Nah 1,2 Herre, du er ein Gud som tek hemn.
Stig fram i stråleglans, hemnens Gud!
2 # 7,7 Reis deg, du som dømmer jorda,
lat dei hovmodige få det dei fortener!
3 # 6,4+ # 94,3 urettferdige Det hebr. ordet kan òg omsetjast «lovlause», jf. v. 13. >1,1. Kor lenge, Herre?
Kor lenge skal dei urettferdige jubla?
4 # 73,8ff Dei talar ein straum av frekke ord,
alle som gjer urett, skryter.
5Dei knuser folket ditt, Herre,
og kuar din eigedom.
6 # 2 Mos 22,20f; 5 Mos 24,17ff Enkjer og innflyttarar drep dei,
og farlause myrdar dei.
7 # 10,11+ Dei seier: «Herren ser det ikkje,
Jakobs Gud merkar det ikkje.»
8De uforstandige i folket, merk dykk dette!
Dårar, når skal de forstå?
9 # Ordt 20,12 Høyrer ikkje han som planta øyret,
ser ikkje han som forma auget?
10Refsar ikkje han som tuktar folka,
han som gjev menneska kunnskap?
11 # 39,6+.12 Herren kjenner tankane til menneska,
han veit at dei er tomme.
12 # Job 5,17; Ordt 3,11f; Hebr 12,5ff; Op 3,19 Sæl er den du tuktar, Herre,
den du underviser i di lov.
13Du vil gje han ro utan vonde dagar
til grava er graven for den lovlause.
14 # 1 Sam 12,22; Rom 11,1f Herren støyter ikkje frå seg sitt folk
og forlèt ikkje sin eigedom.
15Retten skal igjen bli rettferdig,
og alle ærlege av hjartet skal leva etter den.
16Kven står opp for meg mot valdsmenn,
kven stig fram for meg mot dei som gjer urett?
17 # 124,1ff # 94,17 det stille landet dødsriket. Om ikkje Herren var min hjelpar,
budde eg snart i det stille landet.
18Om eg må seia: «Foten min er ustø»,
så held di miskunn meg oppe, Herre.
19Når mitt indre er fullt av urolege tankar,
har mi sjel glede av di trøyst.
20 # 94,20 vondskaps trone urettvist styre. Jf. v. 6.21. Kan vondskaps trone vera din ven,
ho som gjer urett til lov?
21Dei slår seg saman mot den rettferdige
og dømmer den skuldlause.
22 # 18,3+ Men Herren vart mitt vern,
min Gud vart fjellet der eg søkjer tilflukt.
23 # 7,17 Han lét uretten deira ramma dei sjølve
og gjorde ende på dei i deira vondskap.
Herren vår Gud gjorde ende på dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk