Salmane 93
N11NN

Salmane 93

93
1 # 89,19; 96,10; 97,1; 99,1 Herren er konge!
Han har kledd seg i høgd,
Herren har kledd seg i kraft
og spent beltet om livet.
Verda står fast, ho skal ikkje rokkast.
2Di trone står fast frå gammal tid,
du er til frå æve.
3 # 46,3f+ Elvane ropar, Herre,
elvane ropar med høg røyst.
Elvane ropar med dundrande røyst.
4 Herren er mektig i det høge,
meir mektig enn ljomen frå veldige vatn,
enn havsens mektige brotsjøar.
5 # 19,8+ Pålitelege er dine lovbod.
Ditt hus skal vera heilagt gjennom alle tider, Herre.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk