Salmane 92

92
1Ein salme. Ein song for sabbatsdagen.
2 # 134,1; 147,1 Det er godt å takka Herren
og lovsyngja ditt namn, du Høgste,
3å kunngjera di miskunn om morgonen,
din truskap om nettene,
4til den tistrengja harpa,
til linne tonar frå lyra.
5 Herre, du har gledd meg med ditt verk,
eg jublar over det dine hender har gjort.
6 # 40,6+ Kor store dine gjerningar er,
kor djupe dine tankar, Herre!
7Den uforstandige forstår ikkje dette,
dåren skjønar det ikkje:
8 # 37,1f+ Dei urettferdige skyt opp som gras,
alle som gjer urett, blømer,
berre for å bli rydda ut for alltid.
9 # 83,19+ Men du, Herre, er opphøgd til evig tid.
10 # 68,2+ Dine fiendar, Herre,
dine fiendar skal gå til grunne,
alle som gjer urett, skal spreiast.
11 # 23,5 Du gjev meg kraft som ein villokse
og salvar meg med den friskaste olje.
12 # 91,8+ Eg kan følgja fienden med auga,
eg kan høyra om valdsmenn som reiste seg mot meg.
13 # 1,3+ Dei rettferdige skyt opp som palmar,
dei veks seg høge som sedrar på Libanon.
14Dei er planta i Herrens hus
og blømer i føregardane hos vår Gud.
15Enno i alderdomen ber dei frukt,
dei er friske og frodige.
16 # 18,3+ Slik forkynner dei at Herren er rettvis.
Han er mitt berg, det er ingen urett hos han.

Markert nå:

Salmane 92: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på