Salmane 91

91
1Den som sit i skjul hos Den høgste
og finn nattely i skuggen av Den veldige,
2 # 18,3+ han seier til Herren: «Mi tilflukt og mi borg,
min Gud som eg set mi lit til!»
3 # 124,7 Han bergar deg frå fuglefangarens snare,
frå pest som legg i øyde.
4 # 17,8+ Under hans venger kan du søkja ly,
med fjørene dekkjer han deg.
Hans truskap er skjold og vern.
5Du skal ikkje frykta for redsler i natta,
for piler som flyg om dagen,
6for pest som fer fram i mørkret,
for plage som herjar ved middagstid.
7Om tusen fell ved di side,
ti tusen ved di høgre hand,
blir du ikkje råka.
8 # 92,12; 112,8; 118,7 Du skal berre følgja det med auga
og sjå at dei skuldige får si løn.
9 # 90,1+ «Du, Herre, er mi tilflukt.»
Den høgste har du gjort til din bustad.
10Det skal ikkje henda deg noko vondt,
inga plage skal koma nær ditt telt.
11 # 34,8+; Matt 4,6 For han skal gje englane sine påbod
om å verna deg på alle dine vegar.
12Dei skal bera deg på hendene
så du ikkje støyter foten mot nokon stein.
13 # 5 Mos 8,15; Mark 16,18; Luk 10,19 Du skal trø på løve og slange
og trampa på ungløve og orm.
14«Eg bergar han når han held seg til meg,
eg vernar han, for han kjenner mitt namn.
15 # 50,15; 145,18; Jes 65,24 Når han kallar på meg, svarar eg,
eg er med han i nauda,
eg friar han ut og gjev han ære.
16 # 50,23 Eg mettar han med eit langt liv
og lèt han sjå mi frelse.»

Markert nå:

Salmane 91: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring