Salmane 86
N11NN

Salmane 86

86
1 # 40,18 Ei bøn av David.
Vend øyret til, Herre, svar meg,
for eg er hjelpelaus og fattig!
2 # 16,1 Vakta meg, for eg er trugen.
Frels din tenar, du min Gud,
eg set mi lit til deg.
3Ver meg nådig, Herre,
eg ropar til deg heile dagen.
4 # 25,1 Gjer din tenar glad!
Eg lyfter mi sjel til deg, Herre.
5 # 2 Mos 34,6f; Neh 9,17; Sal 86,15; 103,8; Joel 2,13; Jona 4,2 For du, Herre, er god, du tilgjev,
du er rik på miskunn mot alle som kallar på deg.
6 # 28,2 Herre, vend ditt øyre til mi bøn,
lyd etter når eg bed om nåde!
7 # 50,15+ Den dagen eg er i naud, ropar eg til deg,
for du vil svara meg.
8 # 2 Mos 15,11; Sal 71,19+ Herre, mellom gudar er ingen som du,
og ingen gjerningar er som dine.
9 # 22,28+ Alle folk som du har skapt,
skal koma og bøya seg for deg, Herre,
og æra ditt namn.
10 # 136,4 For du er stor, og du gjer under.
Einast du er Gud.
11 # 25,4; 27,11 Herre, lær meg din veg
så eg kan ferdast i di sanning!
Gjev meg eit heilt hjarte, så eg fryktar ditt namn!
12Eg vil prisa deg, Herre, min Gud, av heile mitt hjarte
og evig æra ditt namn.
13 # 30,4+ For di miskunn mot meg er stor,
frå djupaste dødsriket har du berga meg.
14 # 54,5 Frekke menn har reist seg mot meg, Gud,
ein flokk av valdsmenn står meg etter livet.
Dei har ikkje deg for auga.
15Men du, Herre, er ein mild og nådig Gud,
sein til vreide, rik på miskunn og sanning.
16Vend deg til meg og ver meg nådig.
Gjev din tenar kraft frå deg,
frels sonen til di tenestekvinne!
17Gjev meg eit teikn som varslar godt.
Lat dei som hatar meg, sjå det og bli til skamme!
For du, Herre, hjelper og trøystar meg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk