Salmane 85

85
1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.
2 # 14,7+ Herre, du har vist godvilje mot landet ditt,
du vende lagnaden for Jakob.
3 # 32,1 Du tok bort skulda til folket ditt,
dekte over all deira synd. Sela
4 # 2 Mos 32,14; Sal 78,38; Hos 11,9 All din harme tok du tilbake,
du vende deg om frå din brennande vreide.
5Før oss tilbake, Gud, vår frelsar,
lat din uvilje mot oss ta slutt!
6 # 77,8+ Vil du vera harm på oss for alltid
og la vreiden vara frå slekt til slekt?
7Er det ikkje du som vekkjer oss til liv på nytt
så folket ditt kan gleda seg i deg?
8Lat oss få sjå di miskunn, Herre,
gjev oss di frelse!
9 # Jer 29,11ff Eg vil høyra kva Gud Herren seier.
For han talar fred til sitt folk,
til sine trugne,
– berre dei ikkje vender attende til dårskap!
10 # 145,18; Jes 51,5 Ja, hans frelse er nær for dei som fryktar han,
så herlegdom skal bu i landet vårt.
11 # 89,15; 97,2 Miskunn og sanning skal møta kvarandre,
rettferd og fred skal kyssa kvarandre.
12 # Jes 45,8 Sanning skal spira opp av jorda
og rettferd sjå ned frå himmelen.
13 # 65,10f+ Herren skal gje det som godt er,
og landet vårt skal bera si grøde.
14 # Jes 58,8 Rettferd går framføre
når han dreg fram.

Markert nå:

Salmane 85: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring