Salmane 79

79
1 # 74,4ff Ein salme av Asaf.
Gud, folka har trengt seg inn på din eigedom.
Dei har gjort ditt heilage tempel ureint
og lagt Jerusalem i røys.
2 # Jer 7,33 Lika av tenarane dine har dei gjeve
til føde for himmelens fuglar
og kjøtet av dine trugne
til villdyra på jorda.
3Dei har aust ut blodet deira som vatn
omkring Jerusalem,
og det er ingen som gravlegg dei.
4 # 44,14+ Vi har vorte til hån for grannane,
til spott for dei som bur omkring oss.
5 # 77,8+ Kor lenge, Herre?
Vil du vera harm for alltid?
Kor lenge skal din lidenskap brenna som eld?
6 # Jer 10,25 Aus vreiden ut
over folkeslag som ikkje kjenner deg,
over kongerike som ikkje kallar på ditt namn.
7 # 79,7 Jakob >59,14. For dei har slukt Jakob
og lagt hans bustad i øyde.
8Tilrekna oss ikkje gamle synder!
Skund deg, lat di medkjensle møta oss!
For vi er langt nede.
9Hjelp oss, Gud, vår frelsar,
så namnet ditt blir æra!
Fri oss ut og tilgjev våre synder
for ditt namn skuld.
10 # 2 Mos 32,12; 5 Mos 32,43; Sal 42,4+ Kvifor skal folka seia:
«Kvar er deira Gud?»
Lat våre auge sjå og folka kjenna
at du hemnar blodet frå dine tenarar.
11 # 102,20f Lat sukket frå fangane nå deg;
din arm er sterk,
spar dei som skulle døy!
12Herre, gjev grannane våre tilbake i fanget
sju gonger den spotten dei rette mot deg.
13 # 95,7; 100,3 Men vi er ditt folk, den flokken du gjeter.
Vi vil lova deg til evig tid,
lovprisa deg frå slekt til slekt.

Markert nå:

Salmane 79: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring