Salmane 76

76
1Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av Asaf. Ein song.
2Gud er kjend i Juda,
hans namn er stort i Israel.
3 # 48,3+ # 76,3 Salem eldre namn på Jerusalem. Jf. 1 Mos 14,18. I Salem er hans hytte reist,
på Sion står hans bustad.
4 # 46,10; Jes 9,5 Der braut han sund lynande piler,
krigens våpen, skjold og sverd. Sela
5 # 76,5 dei evige fjell følgjer =Septuaginta. Hebr. har «rovfjella». Du er strålande og herleg,
meir enn dei evige fjell.
6 # 2 Kong 19,35; Sal 48,5f; Nah 3,18 Modige menn vart plyndra.
Kvar krigar hadde sovna inn,
ingen kunne lyfta ei hand.
7Hest og ryttar fall i uvit
då du truga, Jakobs Gud.
8 # 90,7 Du er den som alle må frykta.
Kven kan stå for ditt andlet
når du blir vreid?
9Frå himmelen kunngjorde du din dom.
Jorda frykta og tagde
10 # 12,6 då Gud stod opp for å dømma,
for å frelsa alle hjelpelause på jord. Sela
11Sjølv harmen frå menneske blir til lovsong for deg,
harmen endar med høgtid.
12 # 50,14+ Gjev lovnader til Herren dykkar Gud,
lat han få det de har lova!
Alle omkring han skal koma med gåver
til han som dei fryktar.
13Han tek motet frå fyrstar,
kongane på jorda må frykta han.

Markert nå:

Salmane 76: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring