Salmane 72
N11NN

Salmane 72

72
1 # Jes 11,2ff Av Salomo.
Gud, lær kongen å dømma som du,
gjev kongssonen di rettferd!
2Han skal dømma ditt folk med rettferd,
dine hjelpelause med lov og rett!
3 # Jes 45,8; 55,12 Fjella skal gje folket fred
og haugane bera rettferds frukt.
4 # 10,14+; Jes 11,4 Han skal la dei verjelause i folket få sin rett,
han skal berga dei fattige.
Undertrykkjaren skal han knusa.
5 # 89,37f; Jer 33,20f # 72,5 Lat han leva Omsetjinga følgjer =Septuaginta. Hebr. har «Dei skal frykta deg». Lat han leva frå slekt til slekt,
så lenge sol og måne er til!
6 # 5 Mos 32,2; Jes 45,8; Hos 6,3 Han skal koma som regn på nyslegen eng,
lik ei regnskur som vatnar jorda.
7Rettferd skal spira i hans dagar
og freden vera stor til månen forgår.
8 # 80,12; 89,26; Sak 9,10 Han skal styra frå hav til hav,
frå Storelva til heimsens endar.
9 # Jes 49,23 Dei som bur i ørkenen,
skal bøya seg for han,
fienden skal slikka støvet.
10 # 45,13+ # 72,10 Tarsis hamneby eller område ved fjerne kystar, kan henda vest i Middelhavet. >1 Mos 10,4. Saba rike sør i Arabia. Seba rike i Afrika, truleg sørvest for Raudehavet. Jf. Jes 43,3. Kongar frå Tarsis og fjerne strender
skal senda skatt til han.
Kongane i Saba og Seba
skal koma med gåver.
11 # 22,28+ Alle kongar skal kasta seg ned for han,
alle folkeslag skal tena han.
12 # Job 29,12 Han bergar ein fattig som ropar,
ein stakkar som ingen hjelper.
13Han bryr seg om fattige og veike,
han bergar livet til dei fattige.
14 # 116,15 Han løyser dei frå tvang og vald,
deira liv er dyrt i hans auge.
15Kongen skal leva
og få gull frå Saba!
Folk skal alltid be for han
og velsigna han dagen lang.
16 # Jer 31,12; Am 9,13 Lat kornhaugane bli høge som fjell,
grøda bølgja som Libanons skog.
Lat byane bløma som graset på marka!
17 # 1 Mos 12,3; Sal 21,7+ Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola er til!
Dei skal velsigna seg ved han,
alle folk skal prisa han sæl.
18 # 106,48 Velsigna er Herren, Israels Gud,
han som gjer under, berre han,
19 # Jes 6,3; Hab 3,3 og velsigna er hans herlege namn til evig tid!
All jorda skal fyllast med hans herlegdom.
Amen! Ja, amen!
20Bønene av David, son til Isai, er til ende.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk