Salmane 67
N11NN
67
1Til korleiaren. Til strengespel. Ein salme. Ein song.
2 # 4 Mos 6,24f # 67,2 la sitt andlet lysa >4,7. Gud vere oss nådig og velsigne oss,
Gud la sitt andlet lysa for oss! Sela
3 # 98,2; Jes 60,3 Då skal din veg bli kjend på jorda,
di frelse mellom alle folkeslag.
4 # 117,1; Jes 2,2f Folka skal prisa deg, Gud,
alle folk skal prisa deg!
5 # 9,9+ Lat folkeslag gleda seg og jubla,
for du dømmer folka med rettferd
og leier folkeslaga på jorda. Sela
6Folka skal prisa deg, Gud,
alle folk skal prisa deg!
7 # 65,10f+ Jorda har gjeve si grøde.
Gud, vår Gud velsignar oss.
8Gud skal velsigna oss!
Heile jorda skal frykta han!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk