Salmane 66

66
1 # 100,1; Jes 49,13 Til korleiaren. Ein song. Ein salme.
Rop med jubel for Gud, all jorda!
2 # Jes 42,12 Spel og syng til ære for hans namn,
gjev han pris og ære!
3 # 5 Mos 33,29; Sal 18,45 Sei til Gud: «Kor skremmande dine gjerningar er!»
Fienden kryp for di store makt.
4Heile jorda skal bøya seg for deg,
dei skal spela for deg og lovsyngja ditt namn. Sela
5 # 46,9 Kom og sjå alt Gud har gjort,
skremmande er hans gjerningar mellom menneska.
6 # 1 Mos 1,9f; 2 Mos 14,21; Jos 3,16f Han gjorde sjø til tørt land,
gjennom elva gjekk dei til fots.
Difor gleder vi oss over han.
7 # 14,2+ Han herskar med velde til evig tid,
hans auge granskar folkeslag.
Ingen opprørar skal reisa seg. Sela
8De folk, velsign vår Gud!
Lat lovsongen lyda for han.
9 # 121,3 Han held oss i live
og lèt ikkje våre føter vakla.
10 # 7,10+ For du har prøvd oss, Gud,
reinsa oss som dei reinsar sølv.
11Du lét oss gå i garnet,
du la ei bør av motgang på våre hofter.
12 # Jes 43,2 Du lét menneske ri over våre hovud,
vi gjekk gjennom eld og vatn.
Så førte du oss ut til overflod.
13 # 50,14+ Eg kjem med brennoffer til ditt hus,
eg vil halda det eg lova deg,
14det leppene tala,
det munnen sa då eg var i naud.
15Eg gjev deg feite dyr som brennoffer
saman med røyken av vêrar.
Eg ofrar både oksar og bukkar. Sela
16Kom og høyr, alle de som fryktar Gud,
eg skal fortelja kva han har gjort mot meg.
17Min munn ropa til han,
på tunga var det lovsong.
18 # Ordt 15,29; 28,9; Jes 1,15; Joh 9,31 Hadde eg urett i sinne,
ville Herren ikkje ha høyrt meg.
19Men Gud har høyrt!
Han vende øyret til mi bøn.
20Velsigna er Gud.
Han la ikkje mi bøn til side
og tok ikkje frå meg si miskunn.

Markert nå:

Salmane 66: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring