Salmane 65

65
1Til korleiaren. Ein salme av David. Ein song.
2 # 50,14+ Lovsongen høyrer deg til, Gud, på Sion,
for deg skal lovnader oppfyllast,
3du som høyrer bøner,
til deg kjem alle menneske.
4 # 32,5+; 38,5; 78,38 Når vår skuld blir for sterk for oss,
tilgjev du våre brot.
5 # 15,1+; 36,9 # 65,5 føregardane føregarden i tempelet, der folket samla seg. Sæl er den som du vel ut
og tek inn til deg
så han får bu i føregardane dine.
Vi vil metta oss med det gode i ditt hus,
med det heilage i ditt tempel.
6 # 5 Mos 10,21; 2 Sam 7,23 Med skremmande gjerningar
svarar du oss i rettferd,
Gud, vår frelsar.
Alle verdsens endar og det yttarste havet
stolar på deg.
7Du reiste fjella med di kraft,
du var kledd med velde.
8 # 46,3f+ Du døyvde det brusande havet,
bølgjebruset og ståket av folka.
9 # 65,9 Ved morgonens … portar i aust og vest. Dei som bur lengst unna,
blir gripne av frykt ved dine teikn.
Ved morgonens og kveldens portar
skaper du jubel.
10 # 3 Mos 26,4; Sal 67,7; 85,13 Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,
du gjer henne overdådig rik.
Guds bekk er full av vatn,
du sørgjer for kornet,
ja, såleis sørgjer du for henne.
11 # 5 Mos 11,11f; Jes 30,23 Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene,
med regnskurer gjer du jorda mjuk,
du velsignar hennar grøde.
12 # 104,13 Du kronar året med dine gode gåver,
spora dine flyt over av rikdom,
13beita i øydemarka flyt over,
haugane smykkar seg med jubel.
14Markene kler seg med sauer,
dalane sveiper seg i korn.
Dei ropar av glede, dei syng.

Markert nå:

Salmane 65: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring