Salmane 62

62
1 # 62,1 Jedutun >39,1. Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein salme av David.
2 # 3,9+ Berre hos Gud er eg stille,
frå han kjem mi frelse.
3 # 18,3+ Berre han er mitt berg og mi frelse
og mitt vern, eg skal ikkje vakla.
4Kor lenge kan de alle gå laus på ein mann
for å slå han i hel?
Han er då ein lutande vegg,
ein nedbroten mur.
5 # 5,10+ Dei legg planar om å støyta han ned,
ned frå hans høgd, dei elskar svik.
Dei velsignar med munnen,
men inst inne forbannar dei. Sela
6 # 38,16+ Berre hos Gud skal eg vera still,
frå han kjem mi von.
7Berre han er mitt berg og mi frelse
og mitt vern, eg skal ikkje vakla.
8Hos Gud er mi frelse og mi ære.
Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud.
9 # 37,5+ Lit alltid på han, de folk,
aus ut dykkar hjarte for han!
Gud er vår tilflukt. Sela
10 # 39,6+ Småfolk er berre ein pust,
stormenn er ei løgn,
på vektskåla vippar dei opp,
lettare enn eit vindpust er dei alle.
11 # 49,7+ Set ikkje lit til vald,
ha ikkje fåfengd von til rov!
Om rikdomen aukar,
lat deg ikkje merka med det!
12Éin gong har Gud tala,
to ting har eg høyrt:
at makta tilhøyrer Gud,
13 # 28,4+ og at all miskunn, Herre, høyrer deg til.
Du løner kvar og ein
etter det han har gjort.

Markert nå:

Salmane 62: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring