Salmane 61
N11NN

Salmane 61

61
1Til korleiaren. Med strengespel. Av David.
2Høyr mitt rop, Gud,
lytt til mi bøn!
3Frå enden av jorda ropar eg til deg
medan hjartet veiknar.
Før meg opp på eit berg som er høgare enn eg.
4 # 9,10+ For du har vore mi tilflukt,
eit tårn til vern mot fienden.
5 # 17,8+; 27,5+ # 61,5 telt >15,1. Lat meg alltid få bu i ditt telt,
søkja tilflukt i ly av dine venger! Sela
6For du, Gud, har høyrt mine lovnader
og gjeve dei som fryktar ditt namn, deira arv.
7 # 18,51+ Legg fleire dagar til kongens dagar,
så hans år må vara i slekt etter slekt.
8Lat han trona evig for Gud,
lat miskunn og truskap verna han!
9 # 50,14+ Så skal eg alltid lovsyngja ditt namn
og dagleg oppfylla mine lovnader.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk