Salmane 6
N11NN
6
1 # 1 Krøn 15,21 # 6,1 Den åttande musikknemning som kanskje tyder «på instrument med åtte strenger». Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein salme av David.
2 # 38,2; Jer 10,24 Herre, refs meg ikkje i din vreide,
straff meg ikkje i din harme!
3 # 41,5; 103,3 Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus.
Læk meg, Herre, kroppen skjelv av redsle,
4 # 13,2; 90,13; 94,3 mi sjel er gripen av frykt.
Herre, kor lenge?
5 # 119,132 Vend deg hit, Herre, og fri meg ut,
frels meg i di miskunn!
6 # 30,10; 88,11ff; 115,17; Jes 38,18 Kven av dei døde kallar på deg?
Ingen i dødsriket prisar deg.
7Eg er trøytt av å klaga.
Eg dynkar mitt leie med tårer kvar natt,
senga dryp av gråt.
8 # Job 17,7; Sal 31,10 Mitt auge er sløvt av bitter sorg,
aldra fordi mange står imot meg.
9 # 28,6; 119,115 Bort frå meg, alle de som gjer urett!
For Herren høyrer min gråt.
10 Herren lyttar til mitt rop om nåde,
Herren tek imot mi bøn.
11 # 25,3; 31,18; 35,4; 40,15f; 70,3; 71,13; 83,17f; 109,29 Alle mine fiendar skal bli til skamme og rista av redsle.
Brått skal dei snu seg bort i skam.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk