Salmane 49

49
1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.
2Høyr dette, alle folk,
lyd etter, alle som bur i verda,
3høg og låg, rik og fattig!
4 # 78,2 Min munn talar visdom,
det hjartet tenkjer, er forstand.
5Eg vil venda mitt øyre til visdomsord,
tyda mi gåte til klangen frå lyra.
6Kvifor frykta i vonde dagar,
når eg blir kringsett av svikarars vondskap?
7 # 52,9; 62,11; 73,12; Luk 12,18ff; 1 Tim 6,9.17 Dei set si lit til sitt gods
og skryter av sin store rikdom.
8Ingen kan kjøpa fri ein bror,
ingen kan gje Gud løysepengar for han.
9Det er kostbart å kjøpa livet hans fri,
det må ein gje opp for alltid.
10Kunne han vel leva evig
og aldri sjå grava?
11 # Fork 2,16; 6,2 Sjølv vismenn døyr, det kan alle sjå,
med dårar og uforstandige går dei til grunne.
Dei etterlèt sitt gods til andre.
12 # 49,12 Grava … for evig eller «I sitt indre tenkjer dei at husa deira skal stå for evig». Grava blir deira heim for evig,
ein bustad frå slekt til slekt,
dei som samla seg jord i sitt eige namn.
13 # Fork 3,19 Med all si prakt
kan mennesket ikkje vara.
Det liknar dyra som må døy.
14Slik går det med dei som lit på seg sjølve,
og med dei som følgjer etter
og gleder seg over deira ord. Sela
15Som sauer fer dei til dødsriket,
døden er deira gjetar.
Dei rettskafne skal herska over dei
når morgonen renn.
Deira skapnad tærest bort,
i dødsriket skal dei ha sin bustad.
16 # 48,15+ Men Gud vil kjøpa meg fri frå dødsrikets grep,
for han vil ta meg til seg. Sela
17Ver ikkje redd når nokon blir rik,
når velstanden aukar i hans hus.
18 # 39,7+ For når han døyr,
får han ingenting med,
velstanden følgjer han ikkje i grava.
19 # Luk 12,19 Han prisar seg lukkeleg her i livet:
«Folk rosar deg, for du gjer det godt.»
20Likevel går han til sine fedrar,
til dei som aldri meir får sjå lys.
21Med all si prakt
kan mennesket ikkje forstå,
det er likt dyra som må døy.

Markert nå:

Salmane 49: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring