Salmane 47
N11NN
47
1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.
2 # 66,1; 89,16 Klapp i hendene, alle folk,
lyft jubelrop til Gud!
3 # 95,3; 96,4; 97,9; Mal 1,14 For Herren, Den høgste, er verd å frykta,
ein stor konge over heile jorda.
4 # 18,48 Han legg folkeslag under oss,
folk legg han under våre føter.
5Han vel ut eit land for oss,
ein stolt arv for Jakob, som han elskar. Sela
6 # 68,19 Gud stig opp til jubelrop,
Herren stig opp medan horna gjallar.
7Syng for Gud, ja, syng og spel,
syng og spel for vår konge!
8For Gud er konge over heile jorda.
Syng ein song som gjer vis!
9 # 22,29+; Jes 6,1 Gud er konge over folka,
Gud har sett seg på si heilage trone.
10 # 22,28+; Jes 2,3 Fyrstane over folka samlast,
krigsfolket til Abrahams Gud.
For skjolda på jorda høyrer Gud til,
han er opphøgd over alle.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk