Salmane 45

45
1 # 45,1 Liljene kanskje namn på ein melodi. Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.
2Mitt hjarte strøymer over av gode ord,
eg diktar mine songar for kongen.
Tunga er lik pennen til ein dyktig skrivar.
3 # 21,7 Du er den fagraste av menneske,
vakker tale er lagd på dine lepper.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4Spenn sverdet fast ved hofta, du krigar,
i di høgd og din herlegdom!
5Vinn siger i din herlegdom!
Ri ut til strid for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand lèt deg sjå skremmande gjerningar.
6Pilene dine er kvasse, folkeslag stuper for deg.
Kongens fiendar er råka i hjartet.
7 # 2 Sam 7,13ff; Sal 72,5; 89,5.30.37f; Hebr 1,8f # 45,7 Gud Det hebr. ordet som her (og ikkje elles i GT) blir nytta om kongen, står òg unntaksvis om Moses (2 Mos 4,16; 7,1), om den som feller dom (2 Mos 21,6; 22,8f), og om Davids hus (Sak 12,8). Jf. Jes 9,6 om Messias. Din kongsstol, Gud, står til evig tid,
din kongsstav er rettferds stav.
8 # Jes 11,2ff Du har elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med gledes olje framfor dine vener.
9 # 45,9 myrra aromatisk saft av myrrabusken, nytta i salve og parfyme. Jf. 2 Mos 30,23; Høgs 1,13. aloe Aloetre veks i Søraust-Asia. Veden har god ange og blir nytta til røykjelse. Jf. Ordt 7,17; Høgs 4,14. kassia godangande blomar og blad av det austasiatiske kaneltreet; dei vart tørka og nytta til røykjelse. Du er sveipt i angen frå myrra, aloe og kassia.
Strengespel frå elfenbeinshallar gjev deg glede.
10 # Høgs 6,8ff Kongsdøtrer er mellom dine utvalde,
ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull.
11Høyr, dotter, sjå hit og vend øyret til!
Gløym ditt folk og di slekt,
12for kongen attrår din venleik.
Han er din herre, bøy deg ned for han!
13 # 68,30.32; 72,10.15; Jes 23,8.18; 60,6ff Tyros' dotter og dei rike i folket
skal søkja din gunst med gåver.
14Fullkomen, herleg trer kongsdottera inn,
kjolen hennar er gjennomvoven med gull.
15I fargerik bunad blir ho leidd til kongen.
Unge jenter er bak henne,
veninnene hennar blir førte fram for deg.
16Dei blir leidde inn med fryd og glede,
dei går inn i kongens slott.
17Sønene dine skal koma i staden for fedrane,
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 # 72,17 Frå slekt til slekt vil eg minnast ditt namn,
difor skal folka lova deg til evig tid.

Markert nå:

Salmane 45: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring