Salmane 4
N11NN
4
1 # 4,1 korleiaren leiar for songen og musikken i tempelet. Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av David.
2Svar meg når eg ropar,
du min rettferds Gud!
Du viser meg ein veg ut av nauda.
Ver meg nådig og høyr mi bøn!
3De menneske, kor lenge
skal mi ære krenkjast?
Kor lenge skal de elska det som er tomt
og jaga etter løgn? Sela
4Vit at Herren gjer under
for den som er trufast mot han.
Herren høyrer når eg ropar til han.
5 # 4,5 Skjelv … meir =Septuaginta har «Blir de harme, så synd ikkje». Jf. Ef 4,26. Skjelv for han og synd ikkje meir.
Sei til dykk sjølve når de går til ro: «Ver stille!» Sela
6 # 5 Mos 33,19; Sal 51,19ff; Rom 12,1 Ber fram rette offer
og set dykkar lit til Herren!
7 # 80,4 # 4,7 lyset frå ditt andlet bilete på Guds nåde og godvilje. Jf. 4 Mos 6,25f; Sal 31,17; 44,4. Mange seier:
Kven kan gje oss lukke?
Lat lyset frå ditt andlet
skina over oss, Herre!
8Du gjev meg større glede i hjartet
enn andre får av mengder med korn og vin.
9 # 3,6 I fred vil eg leggja meg ned og sova.
For du, Herre, berre du
lèt meg kvila trygt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk