Salmane 39
N11NN
39
1 # 39,1 Jedutun truleg ein av dei tre levittane som David sette til å leia songen og musikken. Jf. 1 Krøn 16,41f; 2 Krøn 5,12. Til korleiaren. For Jedutun. Ein salme av David.
2 # 141,3 Eg sa: «Eg vil vakta min veg
så eg ikkje syndar med tunga,
eg vil setja munnkorg på meg sjølv
så lenge lovlause står framfor meg.»
3Eg vart mållaus og still,
eg tagde til inga nytte.
Mi smerte vart verre.
4Hjartet brann inni meg,
elden flamma opp medan eg stønna.
Eg sa med mi tunge:
5«Herre, lær meg at eg skal døy,
kor få og tilmålte mine dagar er,
så eg kan skjøna at mitt liv tek slutt.»
6 # Job 7,7; 14,2; Sal 62,10; 89,48; 90,5f; 94,11 Sjå, ei handfull levedagar har du gjeve meg,
mi levetid er som ingenting for deg,
kvart menneske er eit pust. Sela
7 # 49,18; Fork 2,18f Som skuggebilete går dei omkring.
Fåfengt uroar dei seg.
Dei samlar i hop, men veit ikkje kven som skal ha det.
8 # 38,16+ Men no, Herre, kva skal eg venta på?
Berre til deg står mi von.
9Fri meg frå alle mine synder!
Gjer meg ikkje til spott for dårar!
10Eg teier. Eg lèt ikkje opp munnen,
for dette er ditt verk.
11Ta bort den plaga du la på meg!
Eg går til grunne når du slår med di hand.
12Du refsar og straffar ein mann for hans synd,
som møllen ét du det han har kjært.
Mennesket er eit pust. Sela
13 # 1 Mos 47,9; 3 Mos 25,23; 1 Krøn 29,15; Sal 119,19 Herre, høyr mi bøn og lytt til mitt rop,
ver ikkje døv når eg græt!
For eg er ein heimlaus hos deg,
ein framand som alle mine fedrar.
14 # Job 10,20; 14,6 Vend blikket ifrå meg. Så lyser eg opp
før eg går bort og ikkje er meir.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk