Salmane 36
N11NN

Salmane 36

36
1Til korleiaren. Av Herrens tenar. Av David.
2 # Rom 3,18 Synda talar til den lovlause
djupt i hans hjarte.
Redsle for Gud har han ikkje for auge.
3Han ser det som smiger
at ein oppdagar hans skuld
og legg han for hat.
4Kvart ord frå hans munn er urett og svik.
Han er ikkje forstandig meir og gjer ikkje det gode.
5 # Mi 2,1 Han legg vonde planar på leiet.
Han vel ein veg som ikkje er god.
Han viser ikkje frå seg det vonde.
6 # 57,11; 71,19; 103,11; 108,5 Herre, til himmelen når di miskunn,
til skyene rekk din truskap.
7Di rettferd er som mektige fjell,
som det store havdjup er dine dommar.
Herre, du bergar både menneske og dyr.
8 # 17,8+ Kor verdfull din kjærleik er, Gud!
I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly.
9 # 65,5 Dei får nyta overfloda i ditt hus,
du lèt dei drikka av gledebekken din.
10 # 27,1; Jer 2,13; 17,13; Joh 1,4 For hos deg er livsens kjelde,
i ditt lys ser vi lys.
11Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg,
di rettferd for dei ærlege av hjartet.
12Lat ikkje foten til den stolte trø meg ned!
Handa til den lovlause skal ikkje jaga meg bort.
13Der ligg dei, dei som gjer urett.
Dei er støytte ned og kan ikkje reisa seg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk