Salmane 26

26
1 # 43,1 Av David.
Gjev meg min rett, Herre!
For eg har gått fram utan skuld.
Eg set mi lit til Herren og vaklar ikkje.
2 # 7,10+ Prøv meg, Herre, gransk meg nøye,
prøv hjarte og nyrer som med eld!
3For di miskunn har eg hatt for auge,
eg har ferdast i di sanning.
4 # 1,1 Eg set meg ikkje med løgnarar
og går ikkje inn til falske folk.
5Eg hatar forsamlinga av valdsmenn
og sit ikkje saman med lovlause.
6 # 5 Mos 21,6f; Sal 73,13 Eg vaskar mine hender i uskuld, Herre,
så eg kan gå omkring ditt altar
7medan eg lèt mi lovsongsrøyst lyda
og fortel om alle dine under.
8 # 2 Mos 24,15ff; 40,34f; 1 Kong 8,10; Sal 15,1+ Herre, eg elskar din bustad,
staden der din herlegdom bur.
9 # 28,3 Riv meg ikkje bort med syndarar
så eg mistar livet saman med drapsmenn.
10 # 15,5 Dei har udåd i hendene,
høgre hand er full av stikkpengar.
11Men eg fer fram utan skuld.
Løys meg ut og ver meg nådig!
12 # 22,23+ Min fot står på jamn grunn.
Der folk samlast, skal eg velsigna Herren.

Markert nå:

Salmane 26: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på