Salmane 25
N11NN
25
1 # 25,1 Sal 25 er ein alfabetsalme, kvart vers tek til med ein ny bokstav i det hebr. alfabetet. Av David.
Alef
א
Herre, eg lyfter mi sjel til deg.
Bet
ב
2 # 31,2; 71,1 Min Gud, til deg set eg mi lit.
Lat meg ikkje bli til skamme,
lat ikkje fienden fryda seg over meg!
Gimel
ג
3 # 6,11+; Rom 9,33; 10,11 For ingen som set si von til deg, skal bli til skamme,
til skamme blir dei trulause, med sine tomme hender.
Dalet
ד
4 # 27,11 Herre, lat meg kjenna dine vegar.
Lær meg dine stigar!
He
ה
5Lat meg få vandra i di sanning,
lær meg, for du er Gud, min frelsar!
Til deg set eg alltid mi von.
Zajin
ז
6 # 103,17 Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik,
som er frå evig tid.
Het
ח
7 # Job 13,26 Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder!
Kom meg i hug i di miskunn, Herre, for du er god.
Tet
ט
8 # 5 Mos 32,4 Herren er god og rettvis,
difor viser han syndarar vegen.
Jod
י
9 # Job 36,22 Han lèt dei hjelpelause ferdast rett
og lærer dei sin veg.
Kaf
כ
10 # 103,17f Alle Herrens stigar er miskunn og truskap
mot dei som held hans pakt og hans bod.
Lamed
ל
11 # 2 Mos 34,6f For ditt namn skuld, Herre,
tilgjev mi synd, for ho er stor!
Mem
מ
12 # 32,8; Jes 48,17 Kvar den som fryktar Herren,
lærer av han den veg han skal velja.
Nun
נ
13 # 37,9.11.22 Sjølv skal han leva i lukke,
og ætta hans skal arva landet.
Samek
ס
14 # Ordt 3,32 Herren talar fortruleg med dei som fryktar han,
han gjer dei kjende med si pakt.
Ajin
ע
15 # 31,5; 123,2; 141,9 Mine auge er alltid vende mot Herren,
for han dreg mine føter ut or garnet.
Pe
פ
16Vend deg til meg og ver meg nådig,
for eg er einsam og hjelpelaus.
Tsade
צ
17 # 107,28 Ta bort det som tyngjer mitt hjarte,
før meg ut av mine trengsler!
18Sjå mi naud og mitt strev
og tilgjev all mi synd!
Resj
ר
19 # 3,2+ Sjå mine fiendar, kor mange dei er!
Dei hatar meg med eit nådelaust hat.
Sjin
ש
20Vern mitt liv og berg meg,
lat meg ikkje bli til skamme,
for eg søkjer tilflukt hos deg.
Taw
ת
21Lat uskuld og rettsinn verna meg,
for eg set mi von til deg!
22Gud, fri Israel ut
frå alle deira trengsler!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk