Salmane 24
N11NN
24
1 # 2 Mos 19,5; Sal 50,12; 1 Kor 10,26 Ein salme av David.
Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til,
verda og dei som bur der, er hans.
2 # 1 Mos 1,9f; Sal 102,26; 104,5; 136,6 For han har grunnlagt jorda på havet,
grunnfest henne på strøymande vatn.
3 # 15,1ff # 24,3 Herrens fjell tempelberget i Jerusalem. «Kven kan gå opp Herrens fjell,
kven får stå på hans heilage stad?»
4 # 73,1; Matt 5,8 «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte,
som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid.
5 # Jes 51,5 Han blir velsigna av Herren
og får rettferd frå Gud, sin frelsar.»
6 # 24,6 Jakobs Gud =Masoretteksten har berre «Jakob». «Dette er ei slekt som spør etter han,
som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» Sela
7 # 2 Sam 6,12ff; Sal 118,19f; Sak 9,9 «Lyft dykkar hovud, de portar,
ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
så kongen, den herlege, kan koma inn!»
8 # 2 Mos 15,3 «Kven er då kongen, den herlege?»
«Herren, sterk og mektig,
Herren, mektig i strid.»
9«Lyft dykkar hovud, de portar,
ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
så kongen, den herlege, kan koma inn!»
10«Kven er han då, kongen, den herlege?»
«Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.» Sela

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk