Salmane 23
23
1 #
1 Mos 48,15; Sal 34,10; 80,2; Jes 40,11; Joh 10,11ff Ein salme av David.
Herren er min hyrding,
eg manglar ikkje noko.
2Han lèt meg liggja i grøne enger,
han fører meg til vatn der eg finn kvile.
3 #
31,4; 106,8 Han gjev meg nytt liv.
Han leier meg på rettferds stigar
for sitt namn skuld.
4 # 23,4 i dødsskuggens dal kan òg omsetjast «i mørkaste dalen». Om eg så går i dødsskuggens dal,
er eg ikkje redd for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
5 #
92,11
Du dukar bord for meg
framfor mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje.
Mitt beger renn over.
6 #
15,1+ Berre godleik og miskunn
skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
gjennom alle tider.
Markert nå:
Salmane 23: NO2011NN
Marker
Del
Kopier

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.