Salmane 15
N11NN
15
1 # 23,6; 24,3f; 26,8; 27,4; 84,2.5 # 15,1 ditt telt Herrens tempel. Jf. 2 Sam 7,6. Ein salme av David.
Herre, kven kan halda til i ditt telt,
kven får bu på ditt heilage fjell?
2 # Jes 33,15; Sak 8,16f Den som gjer rett og er heil i si ferd
og talar sanning frå hjartet.
3 # 3 Mos 19,16; Sal 50,20; 101,5; Jer 9,8; Esek 22,9 Han svertar ingen med tunga,
valdar ikkje nesten sin skade
og fører ikkje vanære over sin granne.
4 # Jos 9,19; Sal 22,24 # 15,4 den som er vraka Jf. 53,6. Han ser med forakt på den som er vraka.
Han ærar dei som fryktar Herren.
Han bryt ikkje eiden han har svore,
sjølv om det blir til det vonde for han sjølv.
5 # 2 Mos 22,25; 3 Mos 25,36; 5 Mos 23,19f; Ordt 28,8 Han tek ikkje renter når han låner ut pengar.
Han lèt seg ikkje kjøpa til skade for ein skuldfri.
Den som lever slik, skal aldri vakla.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk