Salmane 149
N11NN

Salmane 149

149
1Halleluja!
Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han der dei trugne er samla.
2Israel skal gleda seg over sin skapar,
Sions søner jubla for sin konge!
3 # 33,2+ Dei skal prisa hans namn med dans
og spela for han med pauke og lyre.
4 # 147,6.11 For Herren har hugnad i sitt folk,
han kronar dei hjelpelause med siger.
5 # 30,5+ Dei trugne skal jubla med ære
og ropa av fagnad på sitt leie.
6Dei har lovsong til Gud i sin munn
og tvieggja sverd i handa.
7Dei vil ta hemn over folka
og refsa folkeslag,
8binda kongane deira med lenkjer
og stormennene med jernband.
9Dei skal halda dom over dei, så som det står skrive,
til ære for alle hans trugne.
Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk