Salmane 148
N11NN

Salmane 148

148
1Halleluja!
Lovsyng Herren frå himmelen,
lov han i det høgste!
2 # 29,1f+ Lov han, alle hans englar,
lov han, heile hans hær!
3Lov han, sol og måne,
lov han, alle lysande stjerner!
4 # 8,2+ # 148,4 vatnet Jf. 1 Mos 1,6–8. Lov han, du høgste himmel,
og vatnet over himmelen!
5 # 33,9+ Dei skal lova Herrens namn,
for han baud, og dei vart skapte.
6 # Jer 31,35f; 33,25 Han gav dei sin stad for alltid,
fastsette ei ordning som ikkje forgår.
7Lovsyng Herren frå jorda,
store sjødyr og alle havdjup,
8 # 104,4 eld og hagl, snø og skodd,
stormvind som set hans ord i verk,
9fjell og alle haugar,
frukttre og alle sedrar,
10 # 150,6 ville dyr og alt fe,
krypdyr og fuglar med venger,
11kongar på jorda og alle folk,
stormenn og alle styresmenn på jord,
12unge menn og jenter,
gamle folk og gutar!
13 # 8,2 Dei skal lova Herrens namn,
berre hans namn er opphøgt.
Hans herlegdom er over himmel og jord.
14Han har reist opp eit horn av kraft for sitt folk
til ære for alle sine trugne,
for Israel, folket som er han nær.
Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.