Salmane 147

147
1 # 92,2f+ Halleluja!
Det er godt å spela for vår Gud,
det er herleg, det er rett å syngja lovsong.
2 # 102,17; Jes 56,8 Herren byggjer Jerusalem
og samlar Israels spreidde folk.
3 # 34,19+; Jes 61,1 Han lækjer dei som har eit sundbrote hjarte,
og bind om såra deira.
4 # Jes 40,26 Han veit kor mange stjernene er,
og gjev alle namn.
5 # 145,3+; Rom 11,33 Vår Herre er stor og rik på kraft,
hans forstand er utan grenser.
6 # 113,7+; 145,14+ Herren held dei hjelpelause oppe,
men bøyer dei urettferdige til jorda.
7Syng lovsong for Herren,
spel på lyre for vår Gud.
8 # 104,13f+ Han dekkjer himmelen med skyer,
syter for regn til jorda
og lèt graset spira på fjella.
9 # Job 39,3; Sal 145,15f Han gjev føde til dyra,
til ramnungane som ropar.
10 # 33,16f+ Han bryr seg ikkje om hestens kraft
og gleder seg ikkje over mannens musklar.
11 Herren gleder seg over dei som fryktar han
og ventar på hans miskunn.
12Syng Herrens pris, Jerusalem,
Sion, lovsyng din Gud!
13Han gjer portbommane dine sterke
og velsignar borna i byen.
14 # 81,17 Han gjev fred i landet,
han mettar deg med det beste kveitekornet.
15 # 33,9; Jes 55,11 Han sender sin bodskap til jorda,
snøgt spring hans ord.
16 # Job 37,10; 38,22 Han lèt snøen falla som ull,
han strør ut rim som oske.
17Han kastar hagl som smular,
kven kan stå seg mot hans kulde?
18Så sender han sitt ord, og alt smeltar,
han pustar, og vatnet strøymer.
19 # 5 Mos 4,8 Han kunngjorde sitt ord for Jakob,
sine forskrifter og lover for Israel.
20Slik gjorde han ikkje for noko anna folk,
dei kjenner ikkje hans lover.
Halleluja!

Markert nå:

Salmane 147: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring