Salmane 145

145
1 # 145,1 Sal 145 er ein alfabetsalme. >25,1. Ein lovsong av David.
Alef
א
Eg vil opphøgja deg, min Gud og konge,
og velsigna namnet ditt til evig tid.
Bet
ב
2Eg vil velsigna deg kvar dag
og lovsyngja namnet ditt til evig tid.
Gimel
ג
3 # 135,5; 147,5 Stor er Herren og verdig lov og pris,
stordomen hans kan ingen granska.
Dalet
ד
4 # 105,2+ Slekt etter slekt prisar dine gjerningar
og fortel om dine storverk.
He
ה
5 # 143,5+ Eg grundar på din høge herlegdom og di ære
og på dine underfulle ord.
Waw
ו
6Dei talar om dine sterke og skremmande gjerningar,
eg fortel om dine storverk.
Zajin
ז
7Dei lèt gjetordet gå om alt det gode du gjer,
og jublar over di rettferd.
Het
ח
8 # 2 Mos 34,6f+ Herren er nådig og mild,
sein til vreide og rik på miskunn.
Tet
ט
9 Herren er god mot alle,
mild mot alt han har skapt.
Jod
י
10Alle dine skapningar prisar deg, Herre,
dine trugne velsignar deg.
Kaf
כ
11Dei fortel om di herlege kongsmakt
og talar om ditt velde.
Lamed
ל
12Dei lèt menneske læra å kjenna ditt velde,
di strålande kongsmakt.
Mem
מ
13 # 10,16+; Dan 4,3.34; 6,27; 7,14 # 145,13 Herren … gjer Orda manglar i dei fleste hebr. handskrifter, men finst i eit handskrift frå =Qumran og i =Septuaginta. Du er konge gjennom alle tider,
du herskar frå slekt til slekt.
Nun
נ
{{Herren er påliteleg i alt han seier,
trufast i alt han gjer.}}
Samek
ס
14 # 37,17.24; 146,8; 147,6 Herren støttar alle som fell,
og reiser alle nedbøygde opp.
Ajin
ע
15 # 104,27+ Alle auge ventar på deg,
og du gjev dei mat i rett tid.
Pe
פ
16Du opnar di hand
og mettar alt levande med det gode.
Tsade
צ
17 Herren er rettferdig på alle sine vegar,
trufast i alt han gjer.
Qof
ק
18 # 91,15+ Herren er nær alle som kallar på han,
alle som kallar på han i sanning.
Resj
ר
19 # 37,4; Ordt 10,24 Til dei som fryktar han, gjev han det dei ønskjer,
han høyrer deira rop og frelser dei.
Sjin
ש
20 Herren vaktar alle som elskar han,
men utryddar alle lovlause.
Taw
ת
21 # 148,7ff Min munn skal lovprisa Herren,
alt som lever, skal velsigna hans heilage namn til evig tid.

Markert nå:

Salmane 145: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på