Salmane 144
N11NN

Salmane 144

144
1 # 18,3+.35 Av David.
Velsigna er Herren, mitt berg,
han som lærer opp hendene mine til strid
og fingrane til krig.
2Han er mi miskunn, mi borg og mitt vern,
han er min utfriar og mitt skjold.
Eg søkjer tilflukt hos han,
han legg folket mitt under meg!
3 # 8,5+ Herre, kva er vel eit menneske,
sidan du vil kjenna det,
eit menneskebarn, sidan du tenkjer på det?
4 # 39,6f+ Mennesket liknar ein pust,
våre dagar er som ein flyktande skugge.
5 # 18,10f; 104,32 Herre, bøy din himmel og stig ned,
rør ved fjella så det ryk av dei!
6Lat lynet blinka og sprei dei!
Skyt pilene dine og skrem dei!
7 # 18,17 # 144,7 veldige vatn bilete på farane som trugar. Jf. 42,8; 71,20; 130,1. Rett ut handa frå det høge,
fri meg og berg meg frå veldige vatn,
frå handa til framande.
8Med munnen talar dei tomme ord,
med høgre handa opplyft sver dei falskt.
9 # 33,2+ Gud, eg vil syngja ein ny song
og spela for deg på tistrengja harpe.
10Du gjev kongar siger
og friar sin tenar David frå det vonde sverdet.
11Fri meg og berg meg frå handa til framande.
Med munnen talar dei tomme ord,
med høgre handa opplyft sver dei falskt.
12Alt som unge liknar sønene våre høgvaksne planter.
Døtrene er som beresøyler skorne ut for eit palass.
13Då blir forrådskammera fulle,
dei bognar av alle slag mat.
Sauene våre ute i marka
aukar til tusen, ja, mange tusen.
14 # 144,14 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Då blir kyrne våre feite.
Ingen bryt ut, og ingen blir borte.
Inga klage lyder på torga.
15 # 33,12 Sælt er det folket som har det slik,
sælt er det folket som har Herren til Gud!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk