Salmane 143
N11NN

Salmane 143

143
1Ein salme av David.
Herre, høyr mi bøn,
vend øyret til mitt rop om nåde!
Svar meg, du som er trufast og rettferdig.
2 # Job 9,2f; 15,14; Rom 3,23 Gå ikkje i rette med din tenar.
For ingen som lever, er rettferdig for deg.
3 # 88,4ff; Klag 3,6 Fienden har jaga meg, slege meg til jorda.
Han har sett meg i stummande mørker,
lik dei som er døde for lenge sidan.
4Livsånda slokna i meg,
hjartet vart lamma av skrekk.
5 # 77,6 Eg kjem gamle dagar i hug,
eg tenkjer på heile ditt verk,
grundar på det dine hender har gjort.
6 # 42,3+ Eg retter ut hendene mine til deg,
lengtar etter deg lik tørstande jord. Sela
7 # 28,1 Skund deg og svar meg, Herre,
mi ånd går til grunne.
Løyn ikkje andletet for meg,
elles blir eg lik dei som går i grav.
8 # 25,1.4+ Lat meg høyra om di miskunn om morgonen,
eg set mi lit til deg!
Lær meg den vegen eg skal gå,
for eg lyfter mi sjel til deg.
9Fri meg frå mine fiendar, Herre!
Hos deg søkjer eg ly.
10 # 27,11 Lær meg å gjera din vilje,
for du er min Gud!
Lat din gode Ande leia meg
på jamn grunn.
11For ditt namn skuld, Herre,
hald meg i live!
Du som er rettferdig,
før meg ut av trengsla!
12Du som viser miskunn, rydd ut mine fiendar
og gjer ende på alle som står imot meg!
For eg er din tenar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.