Salmane 141

141
1Ein salme av David.
Herre, eg ropar til deg. Skund deg til meg!
Lytt når eg ropar!
2 # 2 Mos 30,7f; Sal 28,2; 134,2 # 141,2 opplyfte hender >77,3. Lat mi bøn vera røykjelse for deg,
mine opplyfte hender eit kveldsoffer.
3 # 39,2; Jak 1,26 Herre, set vakt for min munn,
vern mine leppers dør!
4 # 119,36 Bøy ikkje mitt hjarte mot det vonde,
mot lovlaus gjerning saman med dei som gjer urett!
Den utsøkte maten deira vil eg ikkje smaka.
5 # Ordt 12,1 Lat ein rettferdig slå meg, det er kjærleik.
Lat han refsa meg, det er olje på mitt hovud,
slikt avviser eg ikkje.
Men mi bøn står stadig mot deira vondskap.
6Dommarane deira skal støytast nedover berget,
dei skal høyra at orda mine var gode.
7Knoklane våre ligg strødde ved gapet til dødsriket
som når ein pløyer og velter opp jord.
8 Gud Herre, auga mine er vende mot deg,
eg søkjer tilflukt hos deg.
Riv ikkje vekk livet mitt!
9Vern meg frå snara dei set for meg,
for fellene til dei som gjer urett!
10 # 7,16+ Lat dei urettferdige falla i eige garn
medan eg går rett forbi.

Markert nå:

Salmane 141: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring