Salmane 140

140
1Til korleiaren. Ein salme av David.
2Fri meg, Herre, frå vonde menneske,
vern meg mot valdsmenn,
3dei som tenkjer ut vonde planar i hjartet
og dagleg eggjar til strid.
4 # 64,4; Rom 3,13 Dei gjer tunga kvass som slangen,
under leppene har dei ormegift. Sela
5Vakta meg, Herre, for handa til lovlause,
vern meg mot valdsmenn som vil setja krokfot.
6 # 57,7; 142,4 Dei stolte set snarer,
attmed stigen spenner dei snorer og nett,
dei set feller for meg. Sela
7 # 31,15+ Eg seier til Herren: Du er min Gud,
Herre, vend øyret til mitt rop om nåde!
8 Gud Herre, min sterke frelsar,
du vernar hovudet mitt i kamp.
9 Herre, gjev ikkje dei urettferdige det dei ønskjer,
lat ikkje planane deira lukkast! Sela
10 # 7,17+ Dei som samlar seg rundt meg, lyfter hovudet.
Lat uretten dei har på leppene, dyngja dei ned!
11 # 120,3f Lat gloande kol regna over dei,
lat dei falla i djupe groper
så dei ikkje reiser seg meir.
12Lat ikkje vonde tunger bli verande i landet.
Lat ulukke jaga valdsmannen og slå han ned.
13 # 10,14+.18 Eg veit at Herren fører sak for hjelpelause
og skaper rett for fattige.
14 # 11,7+ Dei rettferdige prisar ditt namn,
dei rettvise får bu hos deg.

Markert nå:

Salmane 140: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på