Salmane 14

14
1 # 10,4 # 14,1 Same salmen som 53. Til korleiaren. Av David.
Dåren seier i sitt hjarte: «Det finst ingen Gud.»
Vondt og avskyeleg er alt dei gjer,
det finst ingen som gjer det gode.
2 # 33,13f Frå himmelen ser Herren ned til menneska
for å sjå om det finst nokon som er vis,
nokon som søkjer Gud.
3 # Rom 3,10ff Alle har vendt seg bort,
alle som ein er forderva.
Det finst ingen som gjer det gode,
ikkje ein einaste.
4 # Mi 3,3 Skjønar dei då ingen ting,
alle dei som gjer urett?
Dei et opp folket mitt som om dei et brød,
og kallar ikkje på Herren.
5Då skal dei råkast av redsle,
for Gud er med den rettferdige slekta.
6Knus berre planen til den hjelpelause!
For Herren er hans tilflukt.
7 # 85,2; 126,1; 128,5 Måtte frelse koma til Israel frå Sion!
Når Herren vender lagnaden for sitt folk,
skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Markert nå:

Salmane 14: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på