Salmane 135
N11NN

Salmane 135

135
1Halleluja!
Lovsyng Herrens namn,
syng lovsong, Herrens tenarar,
2de som står i Herrens hus,
i føregardane til vår Guds hus!
3 # 92,2f+ Pris Herren, for Herren er god,
lovsyng hans namn, for det er herleg!
4 # 2 Mos 19,5; 5 Mos 7,6 Herren har valt ut Jakob,
gjort Israel til sin eigedom.
5 # 2 Mos 8,10; 15,11; Sal 86,8 Eg veit at Herren er stor,
vår Herre er større enn alle gudar.
6 # 115,3 Alt Herren vil, det gjer han,
i himmelen og på jorda,
i havet og i alle djup.
7 # Jer 10,13 Han lèt skyer gå opp frå enden av jorda,
han lagar lyn og regn
og lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.
8 # 2 Mos 12,29 Han slo dei førstefødde i Egypt,
både menneske og dyr.
9 # 2 Mos 7–10 Han sende teikn og under
mot deg, Egypt,
mot farao og alle hans tenarar.
10 # 4 Mos 21,21ff.33ff; Jos 12; Sal 136,17 Han slo mange folkeslag
og drap mektige kongar:
11amorittkongen Sihon,
kong Og i Basan,
og alle kongerike i Kanaan.
12Han gav landet deira til eigedom,
til eigedom for Israel, sitt folk.
13 # 2 Mos 3,15; Sal 102,13 Herren er ditt namn til evig tid,
Herren skal du kallast frå slekt til slekt.
14 # 5 Mos 32,36 For Herren vil skaffa folket sitt rett
og ha medkjensle med sine tenarar.
15 # 96,5+; 115,4ff Gudebileta til folka er sølv og gull,
menneskehender har laga dei.
16Dei har munn, men kan ikkje tala,
dei har auge, men kan ikkje sjå.
17Dei har øyre, men kan ikkje høyra,
det er ikkje ande i deira munn.
18Slik blir også dei som lagar dei,
og alle som set si lit til dei.
19 # 135,19 Arons hus >115,10. Velsign Herren, Israels hus!
Velsign Herren, Arons hus!
20 # 135,20 Levis hus dei som gjorde ikkje-presteleg teneste ved tempelet. Velsign Herren, Levis hus!
Velsign Herren, de som fryktar han.
21Velsigna er Herren frå Sion,
han som bur i Jerusalem.
Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.