Salmane 132

132
1Ein song til festreisene.
Herre, kom i hug David
og alt han heldt ut!
2 # 2 Sam 7,1ff # 132,2 Jakobs Mektige Herren. Jf. 1 Mos 49,24. Han svor til Herren,
gav Jakobs Mektige ein lovnad:
3«Eg vil ikkje gå inn i huset mitt,
ikkje leggja meg i senga,
4ikkje unna meg blund på auga
og ikkje la augneloka kvila
5før eg har funne ein stad for Herren,
ein bustad for Jakobs Mektige.»
6 # 1 Sam 6,21; 7,1f; 2 Sam 6,3ff # 132,6 Efrata namn på Betlehem. Jf. 1 Sam 17,12; Mi 5,1. Jaar poetisk namn på Kirjat-Jearim. Vi høyrde om paktkista i Efrata,
vi fann henne på markene ved Jaar.
7 # 1 Krøn 28,2; Sal 99,5 Lat oss gå inn i hans bustad,
kasta oss ned for hans fotskammel!
8 # 2 Krøn 6,41f; Sal 3,8+ Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad,
du og paktkista, som er din styrke.
9Prestane dine skal kle seg i rettferd,
dine trugne skal ropa av fryd.
10For David, din tenar skuld,
vis ikkje frå deg den du har salva!
11 # 18,51+ Herren har svore til David
eit påliteleg ord han ikkje går frå:
«Di livsfrukt vil eg setja på trona di.
12Dersom sønene dine held mi pakt
og den lov eg vil læra dei,
så skal sønene deira òg
alltid sitja på di trone.»
13For Herren har valt ut Sion,
henne vil han ha til bustad:
14«Dette er min kvilestad for all tid,
her vil eg bu, for henne vil eg ha.
15Maten hennar vil eg velsigna,
dei fattige vil eg metta med brød,
16prestane hennar kler eg i frelse,
dei trugne skal ropa av fryd.
17 # 18,29+ # 132,17 horn >75,5. lampe bilete på den hjelp kongen får frå Gud. Der lèt eg eit horn veksa fram for David,
eg steller til ei lampe for den eg har salva.
18Fienden vil eg kle i skam,
men på han skal krona stråla.»

Markert nå:

Salmane 132: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring