Salmane 13
N11NN

Salmane 13

13
1Til korleiaren. Ein salme av David.
2 # 44,25; 69,18; 88,15; 102,3 Kor lenge, Herre?
Vil du gløyma meg for alltid?
Kor lenge vil du gøyma andletet for meg?
3Kor lenge skal eg ha uro i sjela
og sorg i hjartet dagen lang?
Kor lenge skal fienden ha makt over meg?
4 # 19,9 Sjå meg! Svar meg, Herre, min Gud!
Gje auga mine lys
så eg ikkje sovnar inn i døden,
5 # 25,2 så fienden min ikkje seier:
«Eg har vunne over han»,
og mine motstandarar ikkje jublar når eg vaklar.
6 # 35,9; 103,2 Men eg set mi lit til di miskunn,
mitt hjarte skal jubla over di frelse.
Eg vil syngja for Herren,
for han har gjort godt mot meg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk