Salmane 128
N11NN

Salmane 128

128
1 # 1,1+ Ein song til festreisene.
Sæl er den som fryktar Herren
og går på hans vegar.
2Du får nyta frukta av ditt strev.
Sæl er du, det skal gå deg vel.
3Kona di er som ein fruktbar vinstokk inne i ditt hus,
borna er som unge oliventre rundt bordet.
4Ja, slik blir ein mann velsigna
når han fryktar Herren.
5 # 133,3; 134,3 Herren velsigne deg frå Sion
så du får nyta Jerusalems lukke alle dine dagar!
6 # 125,5 Måtte du sjå born av dine born!
Fred over Israel!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk