Salmane 126
126
1 # 14,7+ # 126,1 vende Sions lagnad eller «lèt Sions fangar venda attende». Ein song til festreisene.
Då Herren vende Sions lagnad,
var det som ein draum for oss.
2 # Job 8,21 Då fyltest vår munn med lått,
vår tunge med jubel.
Då sa dei mellom folka:
«Stort er det som Herren har gjort mot dei.»
3Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss,
og vi vart glade.
4 # 126,4 bekkene i Negev Bekkefara her ligg tørre om sommaren, men blir fylte med vatn i regntida. Herre, vend vår lagnad
som bekkene i Negev!
5 # Matt 5,4; Luk 6,21 Dei som sår med tårer,
skal hausta med jubel.
6Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn,
med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.
Markert nå:
Salmane 126: N11NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).