Salmane 119

119
Alef
א
1 # 1,1ff # 119,1 Sal 119 er ein alfabetsalme. >25,1. Sæle er dei som er heile i si ferd,
dei som følgjer Herrens lov.
2 # Jer 29,13f Sæle er dei som tek vare på hans lovbod,
som søkjer han av heile sitt hjarte.
3Dei gjer ikkje urett,
men går på hans vegar.
4Du har gjeve dine påbod
for at dei skal haldast nøye.
5Lat meg ferdast med faste steg
så eg held dine forskrifter!
6Då blir eg ikkje til skamme
når eg har alle dine bod for auge.
7Eg prisar deg av eit ærleg hjarte
når eg lærer dine rettferdige lover.
8Eg vil halda dine forskrifter,
du må ikkje svikta meg!
Bet
ב
9Korleis held den unge stigen sin rein?
Ved å akta på dine ord.
10Eg søkjer deg av heile mitt hjarte,
lat meg ikkje villast bort frå dine bod!
11Eg gøymer ditt ord i hjartet
så eg ikkje skal synda mot deg.
12Velsigna er du, Herre!
Lær meg dine forskrifter!
13Leppene mine reknar opp
alle lovene frå din munn.
14Dine lovbod viser meg veg,
dei gjev like stor glede som all rikdom.
15 # 1,2 Eg vil grunda på dine påbod,
festa blikket på dine stigar.
16Eg frydar meg over dine forskrifter,
eg gløymer ikkje dine ord.
Gimel
ג
17Gjer godt mot din tenar, eg vil leva
og akta på dine ord.
18Lat opp auga mine så eg kan sjå
det underfulle i di lov!
19 # 39,13+ Eg er ein framand på jorda,
løyn ikkje boda dine for meg!
20 # 42,2f Eg fortærest dag og natt
av lengt etter dine lover.
21 # 5 Mos 27,26; Gal 3,10 Du refsar dei frekke og bannstøytte,
som villar seg bort frå dine bod.
22Ta spott og forakt bort frå meg,
for eg tek vare på dine lovbod.
23Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg,
grundar din tenar på dine forskrifter.
24Ja, eg frydar meg over dine lovbod,
det er dei som gjev meg råd.
Dalet
ד
25 # 44,26f Eg ligg pressa mot støvet.
Gjev meg liv slik du har sagt!
26Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg.
Lær meg dine forskrifter!
27Lat meg skjøna den vegen dine påbod viser!
Eg vil grunda på dine under.
28Mi sjel græt av sorg.
Reis meg opp slik du har sagt!
29Hald løgns veg borte frå meg,
gjev meg i nåde di lov!
30Eg har valt truskaps veg,
dine lover har eg for auge.
31Eg held fast på dine lovbod.
Herre, lat meg ikkje bli til skamme!
32Eg vil springa den vegen dine bod viser,
for du gjer mitt hjarte stort.
He
ה
33 Herre, lær meg den vegen dine forskrifter viser,
så vil eg alltid ta vare på han!
34Gjev meg vit til å ta vare på di lov
og halda henne av heile mitt hjarte!
35Lei meg på den stigen boda dine viser,
for han gjev meg glede.
36 # 141,4 Bøy mitt hjarte mot dine lovbod
og ikkje mot eiga vinning!
37Vend blikket mitt bort frå det som er tomt,
gjev meg liv på din veg!
38Lat ditt ord til din tenar stå fast
så eg kan frykta deg.
39Ta bort spotten eg fryktar,
for dine lover er gode!
40Sjå, eg lengtar etter dine påbod,
gjev meg liv ved di rettferd!
Waw
ו
41 Herre, lat di miskunn koma til meg,
og di frelse, slik du har sagt!
42Då kan eg gje spottaren svar,
for eg lit på ditt ord.
43Riv ikkje sanningsordet ut or min munn,
for eg ventar på dine lover.
44Då vil eg stadig halda di lov,
for evig og alltid.
45 # 118,5+ Lat meg ferdast i ope land,
for eg spør etter dine påbod!
46 # Matt 10,18f Eg vil tala for kongar om dine lovbod,
og eg skal ikkje bli til skamme.
47Eg frydar meg over dine bod,
dei som eg elskar.
48Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar,
og grundar på dine forskrifter.
Zajin
ז
49Kom i hug ditt ord til din tenar.
Gjennom det har du gjeve meg von.
50Det er mi trøyst i nauda
at ditt ord gjev meg liv.
51Dei frekke håner meg grovt,
men eg har ikkje bøygd av frå di lov.
52Eg kjem i hug dine lover frå gammal tid,
Herre, då finn eg trøyst.
53Eg blir gripen av harme over dei lovlause,
dei som går bort frå di lov.
54Dine forskrifter er mine songar
kvar eg enn held til.
55 Herre, eg kjem i hug namnet ditt om natta,
og eg held di lov.
56Slik er det med meg,
for eg tek vare på dine påbod.
Het
ח
57 # 16,5+ Herren er min arvedel,
eg lovar å halda dine ord.
58Av heile mitt hjarte bed eg om velvilje for ditt andlet.
Ver meg nådig slik du har sagt!
59Eg har tenkt over mine vegar,
eg vil venda attende til dine lovbod.
60Eg skundar meg, eg dryger ikkje
med å halda dine bod.
61Dei lovlauses band slyngjer seg om meg,
men eg gløymer ikkje di lov.
62 # 42,9 Midt på natta står eg opp og prisar deg
for dine rettferdige lover.
63Eg er ven med alle som fryktar deg,
med dei som held dine påbod.
64 # 33,5 Herre, jorda er full av di miskunn.
Lær meg dine forskrifter!
Tet
ט
65 Herre, du gjer vel mot din tenar
slik som du har sagt.
66Gjev meg kunnskap og godt vit,
eg stolar på dine bod!
67Før eg vart audmjuka, var eg på villspor,
no held eg det du har sagt.
68Du er god, og det du gjer, er godt.
Lær meg dine forskrifter!
69Dei frekke svertar meg med løgn,
eg tek vare på dine påbod av heile mitt hjarte.
70 # 17,10; Jes 6,10 Deira hjarte er sløvt av feitt,
men eg frydar meg over di lov.
71 # Klag 3,27ff Det var godt for meg å bli audmjuka
så eg kunne læra dine forskrifter.
72 # 19,11+ Lova frå din munn er betre for meg
enn mengder av gull og sølv.
Jod
י
73 # 139,13 Dine hender har skapt meg og halde meg oppe.
Gjev meg skjøn så eg lærer dine bod!
74 # 34,3 Dei som fryktar deg, skal sjå meg og bli glade,
for eg ventar på ditt ord.
75 Herre, eg veit at lovene dine er rette,
at du var trufast då du audmjuka meg.
76Lat di miskunn vera mi trøyst
slik du har sagt til din tenar!
77Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva,
for eg frydar meg over di lov.
78Lat dei frekke bli til skamme,
dei som krenkjer meg med løgn.
Eg grundar på dine påbod.
79Lat dei som fryktar deg, koma tilbake,
lat dei som kjenner dine lovbod, koma til meg.
80Lat meg følgja dine forskrifter med heilt hjarte
så eg ikkje blir til skamme.
Kaf
כ
81Eg tærest bort av lengsel etter di frelse,
eg ventar på ditt ord.
82Auga sloknar, eg ventar på dine ord,
eg spør: «Når vil du trøysta meg?»
83Eg har vorte som ein skinnsekk i røyk,
likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter.
84 # 39,6.12+ Kor mange dagar har din tenar att?
Når vil du fella dom over dei som jagar meg?
85Dei frekke grev fallgraver for meg
i strid med di lov.
86Pålitelege er alle dine bod.
Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.
87Dei har mest gjort ende på meg her på jorda,
men eg forlèt ikkje dine påbod.
88Gjev meg liv i di miskunn,
så vil eg halda lovbodet frå din munn.
Lamed
ל
89 # Jes 40,8; Luk 21,33 I all æve, Herre,
står ditt ord fast i himmelen.
90Din truskap varer frå slekt til slekt,
du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.
91Etter dine lover står dei til denne dag,
for alle ting må tena deg.
92Om eg ikkje frydar meg over di lov,
går eg til grunne i mi naud.
93Eg gløymer aldri dine påbod,
ved dei gjev du meg liv.
94Frels meg, for eg er din!
Eg spør etter dine påbod.
95 # 56,7+ Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg,
eg tenkjer på dine lovbod.
96Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense,
men ditt bod når uendeleg vidt.
Mem
מ
97Kor eg elskar di lov!
Eg grundar på henne heile dagen.
98Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar.
Det er alltid hos meg.
99Eg skjønar meir enn alle mine lærarar,
for eg grundar på dine lovbod.
100Eg har meir innsikt enn dei gamle,
for eg tek vare på dine påbod.
101Eg held føtene borte frå vonde vegar
så eg kan akta på ditt ord.
102Eg vik ikkje frå dine lover,
for du rettleier meg.
103 # 19,11+ Kor søte dine ord er for ganen,
betre enn honning i munnen.
104 # 19,8 Eg får innsikt av dine påbod,
difor hatar eg falske vegar.
Nun
נ
105 # Ordt 6,23; 2 Pet 1,19 Ditt ord er ei lykt for min fot
og eit lys for min stig.
106Eg har svore, og det står eg ved,
at eg vil halda dine rettferdige lover.
107Eg er djupt nedbøygd.
Herre, gjev meg liv slik du har sagt!
108 # 19,15+ Herre, ta imot gåva frå min munn
og lær meg dine lover!
109Eg går alltid med livet i hendene,
men gløymer ikkje di lov.
110Dei lovlause sette ei snare for meg,
men eg villar meg ikkje bort frå dine påbod.
111Dine lovbod er min eigedom for alltid,
dei gleder mitt hjarte.
112Eg bøyer hjartet mot dine forskrifter
for alltid, til evig tid.
Samek
ס
113Eg hatar dei som har eit delt hjarte,
men eg elskar di lov.
114 # 3,4+ Du er mitt vern og mitt skjold,
eg ventar på ditt ord.
115Vik frå meg, valdsmenn!
Eg vil ta vare på boda frå min Gud.
116 # 25,2+ Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva.
Lat ikkje mi von bli til skamme!
117Støtt meg så eg blir berga
og alltid har dine forskrifter for auge.
118Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du,
for dei fer med svik og løgn.
119Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg,
difor elskar eg dine lovbod.
120Kroppen skjelv av redsle for deg,
eg fryktar dine lover.
Ajin
ע
121Eg har gjort det som er rett og rettferdig.
Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!
122Gå god for din tenar så det går han vel.
Lat ikkje dei frekke undertrykkja meg!
123Auga sloknar, eg ventar på di frelse
og på ditt rettferdige ord.
124Vis miskunn mot din tenar,
lær meg dine forskrifter!
125Eg er din tenar, gjev meg skjøn
så eg kan kjenna dine lovbod!
126Det er tid for å gripa inn, Herre,
for dei har brote di lov.
127Difor elskar eg dine bod
meir enn gull, ja, skinande gull.
128Difor retter eg meg etter alle dine påbod,
eg hatar alle falske vegar.
Pe
פ
129Underfulle er dine lovbod,
difor tek eg vare på dei.
130 # 19,9 Dine ord gjev lys når dei opnar seg,
dei gjev uvitande skjøn.
131Med lengsel opnar eg munnen,
for eg stundar etter dine bod.
132Vend deg til meg og ver meg nådig!
Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.
133 # 1 Mos 4,7; Sal 19,14 Gjer mine steg faste slik du har sagt,
lat ingen urett få makt over meg!
134Fri meg frå dei som bruker vald,
så vil eg halda dine påbod!
135 # 80,4+ # 119,135 Lat ditt andlet lysa >4,7. Lat ditt andlet lysa over din tenar,
lær meg dine forskrifter!
136Tårene strøymer frå auga mine
på grunn av dei som ikkje held di lov.
Tsade
צ
137 # 5 Mos 32,4 Du er rettferdig, Herre,
dine lover er rette.
138Du gjev dine lovbod i rettferd
og i din store truskap.
139 # 69,10+ Min brennande iver gjer ende på meg,
for motstandarane mine har gløymt dine ord.
140 # 12,7+ Ditt ord er prøvd med eld,
tenaren din elskar det.
141Eg er ung og forakta,
men eg gløymer ikkje dine påbod.
142Di rettferd er alltid rett,
di lov er sanning.
143Naud og trengsle har kome over meg,
men eg frydar meg over dine bod.
144Dine lovbod er alltid rette.
Gjev meg skjøn så eg kan leva!
Qof
ק
145Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, Herre!
Dine forskrifter vil eg ta vare på.
146Eg ropar til deg, frels meg
så eg kan halda dine lovbod!
147 # 5,4 Før morgonen renn, ropar eg.
Eg ventar på ditt ord.
148 # 63,7 Med auga opne går eg inn i kvar nattevakt
for å grunda på ditt ord.
149Høyr meg i di miskunn, Herre,
gjev meg liv etter dine lover!
150Dei som skamlaust jagar meg, er nær,
dei er langt borte frå di lov.
151 Herre, du er nær,
alle dine bod er sanning.
152Av dine lovbod har eg lenge skjøna
at du har grunnlagt dei for evig.
Resj
ר
153Sjå mi naud og fri meg ut!
For eg har ikkje gløymt di lov.
154Før mi sak og kjøp meg fri,
gjev meg liv etter ditt ord!
155For dei lovlause er hjelpa langt borte,
dei spør ikkje etter dine forskrifter.
156 Herre, di miskunn er stor,
gjev meg liv etter dine lover!
157Det er mange som jagar meg og står meg imot,
men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod.
158Eg ser dei trulause og kjenner avsky,
dei tek ikkje vare på ditt ord.
159Sjå, eg elskar dine påbod!
Herre, gjev meg liv i di miskunn!
160Summen av ditt ord er sanning,
dine rettferdige lover varer evig.
Sjin
ש
161Stormenn jagar meg utan grunn,
men i hjartet fryktar eg ditt ord.
162Eg gleder meg over ditt ord
lik ein som vinn stort krigsbytte.
163Eg hatar og avskyr løgn,
men eg elskar di lov.
164Sju gonger om dagen lovsyng eg deg
for dine rettferdige lover.
165Stor fred har dei som elskar di lov,
ingen ting får dei til å snubla.
166 Herre, eg ventar på di frelse,
eg følgjer dine bod.
167Eg tek vare på dine lovbod,
og eg elskar dei høgt.
168Eg har halde dine bod og påbod,
du kjenner alle mine vegar.
Taw
ת
169 Herre, lat ropet mitt nå fram til deg,
gjev meg skjøn etter ditt ord!
170Lat mi bøn koma fram for deg,
berg meg, som du har sagt!
171Lat leppene strøyma over av lovsong,
for du lærer meg dine forskrifter.
172Lat tunga syngja ut ditt ord,
for alle dine bod er rettferdige.
173Lat di hand koma meg til hjelp,
for eg har valt dine påbod.
174 Herre, eg lengtar etter di frelse,
eg frydar meg over di lov.
175Lat meg leva og lovsyngja deg,
lat dine lover vera mi hjelp!
176 # Jes 53,6; Jer 50,6; Esek 34,5f Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau.
Leit etter meg, din tenar,
eg har ikkje gløymt dine bod.

Markert nå:

Salmane 119: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring